- Hjem
- Forum
- Karpelaks (Tetra m.fl)
- Nervøse vinkeltetra...?
Nervøse vinkeltetra...?
Eg har 5stk vinkeltetraer som har gått i ein 180l sammen med guramier, ancistrus og div. sneglar. Eg har lenge hatt planar for å kjøpe 5 til, men ville vente til det vart betre plass. I forgårs kickstarta eg 400l med filtergugge frå 180l og i går kom dei 5 vinkeltetraene over i 400l. Der er dei førebels aleine, kun nokre sandsneglar som "selskap".
Eg syns dei virka ganske nervøse i går, så eg la inn nokre flyteplantar frå 180l så dei hadde mulighetar for å gøyme seg. I dag tidleg stakk eg innom for å sjå til tetraene og...vel...dei har hatt ei travel natt. Flyteplantane var totalt ribba! Kun stilkane som flaut rundt, og vinkeltetraene svømte rundt samla i flokk. Det at dei svømmer så samla ser eg på som eit teikn på stress. I 180l var dei ofte ganske så adskillt, svømte kun i flokk når eg renska plantar eller skifta vatn.
Så det eg lurar litt på er om eg ville dempe stresset deira ved å få tak i 5 vinkeltetraer til? For 5stk er jo ganske lite i ein 400l, og som stimfisk så burde dei vel vore 6-8stk, minst. Eg har jo trua på at det skal gå bra for filteret sin del, men sidan eg kickstarta det i forgårs så veit eg jo ikkje. Er forøvrig forberedt på å måtte skifte vatn ofte den fyrste månaden uansett. Har planar for å gå for "lite men ofte" varianten, 60l 2 gongar i veka f.eks. (sjølvsagt oftare ved evt. utslag på ammoniakk eller nitritt)

Postet 26.11.09 kl 10:40
Postet 26.11.09 kl 15:30
Postet 26.11.09 kl 15:52
Det er hornblad eg brukar som flyteplante, og den har eg aldri merka at reagerar på skifte av akvarium. Skal som regel litt til for at den blir totalt ribba også trudde eg?
Mine vinkeltetraer pleier ikkje å stime så voldsomt som dei gjer no. Dei svømmer veldig samla, nesten trykka sammen, og reiser fram og tilbake forand glaset. Men kanskje er dei ikkje så stressa som eg trur, men viser meir naturleg adferd enn tidlegare?
Sånn uansett, trur dere det blir for stor belastning på kickstarta filter med 4-5 vinkelteraer til? Eller er det ein dum idè og bør eg vente minst ei veke eller to med det? Har aldri kickstarta så stort akvarium/filter, så er litt usikker på kor stor belastning eg kan ha i starten. I 180l der eg tok gugge ifrå gjekk det 5 guramier, 5 vinkeltetraer, 3 ancistrus (+ ukjent antal ancistrusyngel), 2 kuhliålar, 4 amanoreker og eit solid antal sneglar. Dessutan var det ganske heftig beplanta. Men dette har kanskje ingenting å seie for 400l då filteret til 180l uansett er temmeleg lite i forhold? Når eg kickstarta filteret så tok eg svampane frå 180l i ei bøtte med akvarievatn og klemte alle svampane oppi der (juwel akvarie med innebygd filter, så 2 korger med filter). Så tok eg alle 400l svampane og klemte dei grundig oppi bøtta med filtergugge. Plasserte dei tilbake i 400l og starta akvariet. Så tømte eg resten av gugga oppi 400l medan pumpa gjekk. Høyrast dette ok ut? (og 180l filteret var temmeleg fullt av gugge, vart jammen mykje betre gjennomstrømming etter at eg hadde klemt av litt gugge frå svampane)
Er det forresten smartare å sette inn noko bunnfisk for å renske opp avfall frå tetraene istadenfor nye tetraer akkurat no?

Postet 26.11.09 kl 17:50
Tenkte eg skulle legge inn eit par bileter. Det fyrste er av heile akvariet der vinkeltetraene går (400l), oppdaga dessverre litt seint at det vart gjenskinn av dei andre akvariene. Det andre er av hornbladene som tetraene massakrerte natt til i dag. Tenkte det kunne vere greit med litt illustrasjon.
Postet 26.11.09 kl 19:53