For ca. 14 dagar sidan kickstarta eg filteret i 400l. Eg gjorde det ganske grundig og brukte filtergugge frå både 180l og 63l. Bada svampane i bøtte med akvarievatn og gugge og fyllte på resten oppi filteret. Tok dette over nokre dagar, så fyllte liksom på gugge over litt tid. Akvariet er beplanta med diverse hurtigvoksande plantar og har 5 vinkeltetra og 2 blågurami pr. i dag.
Det har ikkje vore utslag på ammoniakk eller nitrat. Den siste veka har eg av ulike årsaker ikkje fått skifta vatn i akvariet, men har sjekka fisken nøye for å sjå etter stress. Fisken virkar veldig fornøgd og normal i oppførsel. I dag skifta eg 80-90l, men før eg skifta så testa eg vatnet grundig. Ph er 7, ellers er alt i null unntatt nitrat som er på 12,3mg/l. Dessverre er gh og kh for lave(gh 2 og kh 1), så jobbar med å få desse gradvis opp. Men det eg lurar på er om dette akvariet no fungerar "normalt" eller kan eg vente nitritt/ammoniakk i det? Filteret har totalt gått i 3 veker, men fyrste veka gjekk det utan filtergugge. Eg har ikkje tilsatt fisk på 1,5veke, ikkje gjort nokon forandringar.
Eg er egentleg litt forundra, for eg hadde på ein måte forventa litt utslag på ammoniakk og/eller nitritt no som det har gått så lang tid sidan eg skifta vatn. Men alle testar var klare og tydelege på null (ja, brukar dråpetest). Det kriblar litt etter å sette inn litt meir fisk om ei vekes tid, litt fleire vinkeltetra og kanskje nokre få bunnfiskar (ancistrus eller corydoras...corydoras fristar mest...). Trur dere dette går bra? Og nitrat på 12,3 er vel berre bra og visar at ting fungerar såvidt eg har fått med meg? Gjødslar plantar og slikt? Var ein litt svak 12,3, då, absolutt oransj farge, men litt svakare enn på fargekartet.