Nytt kar, ny fisk - løvehodeciklide?

Eg skal overta eit hjørneakvarium på ca 300liter, og vurderer då løvehodeciklide, då eg har eit tilbod ståande på eit vakse leikspar av denne arten. Frå før i eit mindre kar (128l) har eg 3 praktbotia, 1 L-144 og ei palettciklide + x antal pestsneglar (heldigvis har botiane hatt ein aldri so liten massakre der, so er få igjen no).

Eg vil selje praktbotiane, då eg veit at desse og løvehoder begge er glade i huler. L-144'en vil eg også selje, då den har hatt eit par eggmassakrar tidlegare og eg vil ha moglegheita til å avle. Einaste eg lurer på, er om det vil vere nødvendig å selje plaettciklida? Det er ei fullvaksa hoe, og ho har aldri bydd på nokon problem tidligare.

Dessutan lurer eg på kva innreiing eg bør ha? Sand, plantar, røter, steinar etc. Takkar for alle svar
Tilfeldig bekjentskap
© Bettina Fossen
Reklame for plussmedlemskap