Tidleg flytting av scalareyngel

Dels fordi det er moro å få til litt oppdrett og dels for å litt få fred i karet flytta eg ein scalarehann + blad med egg frå ein 450 liter til ein 120 liter. Flytta også med hoa fyrst, men straks hannen gjenoppdaga egga jaga han hoa veggimellom så han måtte bli aleinefar.

Laga til artemiaklekkeri på enklaste måte ved å fjerne botnen av to plastflasker, satt dei oppned oppi to syltetøybokser med grus i botnen+ein lufteslange nede i kvar av flaskene kopla til ei luftpumpe ved hjel av ein T-kopling. Litt varierande klekkegrad, men saman med litt diverse ekstrafor, har eg no omtrent 100 yngel som har vore frittsvømmande i 2 1/2 veke, og som stort sett har fått scalareform.

Ein 120 liter blir litt liten til 100 yngel etterkvart. I tillegg liker eg naturkar, så det er sand og planter i karet, ikkje bare bottom. Straks yngelen blei frittsvømmande flytta eg dog over ein ancistrus som hjelper til å støvsuge botnen.

Om eit par veker, når det er blitt lettare å skille mellom sterke og svake yngel har eg tenkt å ta vare på 20-30 stykker, og flytte resten over i 450 literen der vilkåra er vinn eller forsvinn. Eg har begynt å venne yngelen til andre fortyper som avkslla artemia og bosmider, så eg kjem til å trappe ned på artemiaklekkinga ganske snart

Nå har det seg slik at akvarieklubben skal ha auksjon omtrent samtidig, så eg lurte på om eg skulle ta med ei gruppe til auksjonen. Er det nokon som har erfaring med å flytte så unge yngel?

Tilfeldig bekjentskap
© Ian Fuller
Reklame for plussmedlemskap