Nok til kva då?
I eit akvarium med friske plantar og eit filter som gir litt krusningar i overflata så er det vanligvis meir enn nok oksygen. Du vil merke på fisken (inkludert botnfisk) at den søker mot overflata dersom oksygennivået synk faretruande.
Diffusoren er vel primært ein funksjon som erstatter luftpumpe og luftpumpe kan som sagt føre til overmetning av oksygen i tanken og dermed for lite CO2 til plantane.
Kjapt oppsummert: Ikkje tilfør luftbobler i akvariet med mindre 1) fiskane viser teikn på mangel på oksygen eller 2) du vil gi fiskane ein ekstra boost med oksygen i samband med sjukdom/medisinering.
Mengden CO2 i akvariet påverkar også PH nivået dersom du har låg KH men eg får ikkje inntrykk av spørsmålet ditt at det er denne type info du er ute etter.