Beklager at kommentarar på annonser etc har vore borte i nokre dagar. Årsaka til det er at nokon har greidd å kompromittere systemet og registrert fleire tusen spamkommentarar. Det tok tid å rydde opp i, og i mellomtida måtte eg fjerne alle kommentarar frå vanlege brukarar.
Eg trudde eg la inn ei melding om dette her i forumet på fredag, men eg ser at den ikkje er her, så eg har tydelegvis greidd å fucke opp det.
No skal imidlertid alt vera i orden igjen!