Kva meiner du med "pumpe"? Tenker du på filter?
Slik eg har skjønt det så vil eit UV filter ta livet av alle bakteriar/alger/etc i vatnet mens eit vanlig filter inneheld bakteriar som bidrar i den biologiske prosessen der avfallstoffer omdannes frå ammoniakk/ammoium via nitrit til nitrat (frå NH3/NH4, via NO2 til NO3).
Dette betyr i såfall at du MÅ ha eit vanlig filter for å sikre god biologisk balanse i akvariet ditt mens eit UV filter KAN brukes for å hindre algeoppblomstring, etc.
Link til utrekning av effekt på varmekolbe:
http://akvaforum.no/kalkulator/?kalkulator=Varme Når det gjeld "pumpe" eller filter om du vil så er det to faktorar som avgjer. Det eine er antal liter som føres igjennom filteret (pumpestørrelse oppgis som regel i Liter/Time. Det andre er arealet på filtermaterialet (som jo avgjer kor stor bakteriepopulasjon filteret inneheld).
Dei fleste filterprodusentane indikerer kor stort akvarium filterene deira passar til men den generelle anbefalinga er at ein bør halvere anbefalinga frå produsenten. Altså, dersom produsenten opplyser at eit filter passar til eit 200 liter akvarium så bør du ikkje bruke dette i eit akvarium på over 100 liter.