Eventyret (side 2)

Artig tråd, Liv! Spesielt artig siden jeg hadde keisertetra før, men i et mindre kar.. Med så stort kar så har du mange muligheter. Og dersom planteekstrakter får fortsette så blir det sikkert noe yngel etterhvert.
Må også si at jeg er imponert over at du ikke har fylt opp akvariet med fisk. Det er fort gjort. Da blir det raskt umulig å kjenne igjen enkeltindivider, kanskje særlig når de stimer osv.
Har du tenkt på om du ønsker å få fram yngel i det lille akvariet?

Jeg brukte kun naturmetoden - det dukket bare opp noen yngel etterhvert. Vet at det sikkert skal være lett om du lar enn hann og en, et to hunner få leke i et innkjørt oppvekstakvarie uten andre fisk..
Takk Sharanu! Ikkje heilt fornøgd sjølv, men det skal nok bli bra

thankthefish; Takk-med viljestyrke som ein dinglebæsj-så kan eg bekrefta at det er hardt å halde antall fiskar nede! Ynskjer meg fleire neon og keisertetra, flyteplanter og sandsnegler!! Kven veit kva som skjer når kong vinter slepp taket i dalen.....Eg hadde nok ikkje komme tomhendt heim frå ein fiskeauksjon for å seie det slik.

Her i eventyret er det foressten blitt enda ein fisk mindre. Den improviserte bli f(r)isk balja funka fint, men den var ikkje kattesikker-så i ly av mørket har nok ein av kattedjævlane ana sitt snitt til ein liten fiskesnacks og det var det. Borte vart han!
Brutus er framleis den brutale keisaren av Skogen. Ingen andre enn eit par keiserdamer får adgang. Som ei hore på byen patruljerar han territoriet sitt og kastar seg over dei få stakkarane som forviller seg dit. Mat ser ikkje lenger ut til å vere interessant, og det er med ei viss uro eg ser at han blir tynnare. Kåre-Billy (next in command) derimot kastar seg over maten i samme fart som kjerringa i sjokoladeskåla, og er blitt større enn sjefen sjølv. Han har lagt beslag på røysa i motsatt ende, så no er karet delt i to revir, med Gabbi-gibbiceps som den totale dronninga under steinen i midten-og ho er dønn likehendt med kva dei våryre keisarane driv med så lenge dei ikkje prøver å ta maten hennar. Og let ho vere i fred.
Etter antydning til leik bland keiserane så er jo håpet eit par yngel eller 50-naturmetoden.For det ikkje-eingong-bestilte-50-liters-karet-som-skal-bli-mitt blir ikkje noko yngelkar-trur eg tralalala.
Det skal lagast 3d bakgrunn og akvariepynt, så det karet er nok opptatt i lang tid framover. Jepp-ingen yngelkar! Men sånn i nøden så kan ein jo kanskje bruke badekaret til akvariedekorasjon og altså...men sånn inntil vidare så er det altså bestemt at det ikkje blir noko yngelkar! Såhdetsåh!
Tittei!
Næmmen fekk meg ein gledeleg overraskelse i dag, da dette lille nurket dukka opp i akvariet. Fått mitt første lille keisertetra yngel visst! Så søøøt!
No kryssar eg fingre, føtter, tær og auge og alt anna som kan kryssast for at den lille krabaten overlever.
Og Stakkars Brutus som eg har tenkt fæle tankar om til tider, gjer meg brått varm om hjertet. Han har kjempa hardt for å halde den trygg der i "skogen". Tips og råd til ei overraska men nybakt "bestemor" blir tatt imot med opne armar
Gratulerer!
Så artig! Savner keisertetra ene brått og inderlig. Jeg husker at disse yngelen gjerne holdt seg i ærheten av sine gjemmesteder, og dersom de ble utrygge så 'spratt' de sidelengs i vannet og kom seg unna. Jeg så aldri at noen forsvant, men hadde heller ingen fisker som var gode svømmere, eller nattaktive predator eller liknende. Det blir spennende om det dukker opp noen til...
Når det gjelder hva du bør gjøre, så gjetter jeg på at du helst bør la være å rote rundt for mye i akvariet dersom det ikke er nødvendig. Kanskje bør du tenke over at du knuser litt flakfor slik at det blir lettere å få tak i for småttiser? Og at du finner ut hvordan du skal servere maten slik at ikke andre fisker trekkes til gjemmesteder for keiseryngelen... Jeg mener å ha lest at slike yngel stort sett lever av infiserer som allerede er i vannet. Etterhvert sitter de pris på finjustere flakfor. Jeg tror det vil gå greit, dersom en annen fisk skulle havne på feil sted til feil tid. Kanskje oppdager du flere
10 yngel!
Det er vår folkens! No er det byrja bli tøya i tunet, med sildring fra bekkar og snøsmelte, fuglekvitter og den herlege lufta av jord og framsmelta kattebæsj! Med på lassen dukkar sjølvsagt daude gåver fra pelsklingane opp- Fint dandert (Les: lettare partert) rett ved senga der du trampar nedpå med føttene når du står opp-eller under pc-bordet, slik at du kan tuppe borti kadaverdelene når du uforvarande strekker litt på føttene. Berre så de veit det-Fisk er flott!

Her i karet har eg observert tilsammen ti flotte yngel av arten keisertetra. Litt ulik størrelse-alt fra 0,7 til 1,3 cm. Og dei vaksne leiker stadig vekk..Skikkelig vårstemning i karet og

Det klør i fingrane etter å få gjort ein del endringar. Det trengst enda ei større mallehole til Gibbicepsen Gabriella, da ho straks har vokst ut av kokosnøtthola. Ho har vokse 10 cm på nokre mnd! Snakk om vokstspurt!

Løysinga på kriblinga kunne jo ha vore eit nytt kar å sette i gang med-det var jo planen. Men så er det jo slik at frakting av saker og ting i utkantsstrok ikkje er enkelt. Sjølv godt pakka flyteplanter som ein hyggeleg kar på facebook sende min veg, vart mosa. Tørr vel ikkje risikere eit akvarium i glass da nei. Må vel belage meg på at det heller får vente til sommaren og tur til østlandet. Men da skal det pinadøen handlast altså-akvarium og planter og whatnots!!
Pakke fra aquamanias
I dag vart det ein lang rusletur innover mot breen i godveret. På vegen heimatt, tørst og svolten, og blodsukker på faretruande lågt nivå, svinga eg innom postkassa. Og tenk der var pakka frå aquamanias kommen. Tolmodig som eg er reiv eg den sjølvsagt open der og da! Og eg fann GULL! To stk gullklumpar i form av smørbukk-karameller glitra mot meg samen med smådillet eg hadde bestilt. Beste. Karamellene. ever! Det var heilt midt i blinken der og da. Det er så lite som skal til for å gjere ein jublande glad innimellom-og dette var ei av dei stundene tenkjer eg... Så da har Aquamanias fått ei stor stjerne i boka her i huset
Akvariumsdekorasjon
No er det nesten snøfritt i dalen! Så no har kjerringa vore og plukka steinar i finveret.

Det tidligare prosjektet med å lage akvariumsdekorasjon av styrofoam gjekk den berømte drittvegen-rett i dass! No kunne eg sikkert ha skulda på dårleg verktøy(eller andre tilsvarande dårlege unnskyldningar), men da lyg eg for meg sjølv og alle andre. Sannheita er at styrofoam-dekorasjonar krever eit visst kreativt talent, og mengder med tolmod! Den kreative biten er muligens ikkje så ille-tolmodet derimot skortar det på. Det er eit uttrykk på engelsk som seier: if first you don`t succeed, try, try again! Eg overset det til: om eg ikkje meistrar det umiddelbart; skrik høgt med eder og galle, hopp på det, spark det, knus det-og ikkje gidd å prøv det igjen!

Så da vart det plan B. Plukke, skrubbe og koke stein og dælje dei sammen med ein dæsj silikon. Akvariums-silikon var allereie innkjøpt-men var sjølvsagt svart! Yepp-kjerringa har handla på nett-igjen!

Note to self: silikon er ikkje alltid blank-lurt å sjekke ved innkjøp!

Men ein lærer så lenge ein lever og silikonen kan eg alltids heller dekke med mose/planter seinare. Ingen krise-den er i det minste akvariumssikker! Så uten meir dikkedariar slenger eg likesågodt med eit par bilder av steinprosjektet..Eine med Banan og pus for scale! kva tykkjer folket? Konstruktiv kritikk alltid velkomment-samt gode råd og erfaringar. Sleng gjerne inn bilder av eigne prosjekt, så ein får inspirasjon..

Steindekoren veg noko meir enn styrofoam ville gjort, men er atskillig lettare enn dei monsteriøse steinane som har budd i karet så langt. Dei skal no erstattast Gledar meg til ei skikkelig vårrydding/omorganisering hjå fiskane om litt!
Artig tråd og du begynte jo med et skikkelig kar! Skulle gjerne hatt noe slikt selv men da måtte jeg nok ha varmet opp kjelleren , for jeg hadde ikke tatt sjansen på at akvariet hadde havnet i kjelleren, sånn helt av seg selv..Gammelt hus og jeg tror ikke gulvet er laget for denslags vekt.

Tommel opp for at du har greid å begrense deg, sånn antallsmessig når det kommer til fisk og ikke laget fiskesuppe i karet Mye finere når det er mer vann enn fisk for å si det slik, etter min mening.

Hehe..flere som ikke er utstyrt med allverdens tålmodighet ser jeg..Kjente meg igjen i beskrivelsen din..

Angående steinene, du ba om tilbakemelding, så.. Hvis du er ute etter en naturlig look, så var de sammenlimte , mer eller mindre runde småsteinene kanskje ikke helt der? Slike sirkler med småstein i etasjer ser man nok ikke så ofte i naturen Hvis vekta ikke er noe problem, så tror jeg at jeg ville ha gått for større ( og flatere) stein og prøvd å få det til å se noe mer sannsynlig ut, om du forstår?
Haha! Jo, Aqualibre,du har nok rett i at runde steinar dælja samen med ein kladd silikon ikkje ser naturlig ut Herlig med ærlig tilbakemelding! Takk!
Heldigvis ser ein iallefall at det er stein-noko som ikkje var tilfelle med styrofoamen

Her i området er det frå gammalt av ein del steinmurar som hegna rundt gardane. Det var ein fin måte å få vekk steinane som vart rydda frå jorda. Eg tykkjer desse er superfine, så det var vel helst litt sånn gammal steinhegning-look eg var ute etter. (og ikkje lukkast heilt med). Når mosen er kommen på, så håpar eg det ikkje skal sjå for ille ut...

Skal slenga ut eit bilete når eg har fått dandert det i karet. Så gledar eg meg til like ærlig tilbakemelding da
Viss det blir sjåande heilt forj..lig ut så får eg heller sjå meg om etter skiferheller. Eller meir sannsynleg..kjøpe fra nokon som kan dekorasjonar betre enn meg


Fin tråd og flott entusiasme morsomt uttrykket.
Innredning er utfordrende og vanskelig synes jeg. Når man er i nærheten av å få det til, er det bare å ta noen skritt tilbake og nyte synet. Ikke ofte jeg har opplevd det, så da jeg begynte med Sør-amerikanske chiklider, Apistogramma, var det viktige heldigvis ikke utseende, men at fiskene fikk så gode vilkår som mulig, dvs, ikke for lyst, (flyteplanter), stein og røtter til å gjemme seg under og eikeblader også til gjemmesteder. Gjerne litt slam på bunnen og finkornet sand (Biltema).

Den på AF som nok har de flotteste innredningene er Håvard Støre Andresen, se denne artikkelen:
http://akvaforum.no/text.cfm?id=1972

Har gjort flere forsøk på å kopiere og har gitt opp alle, men flott å se på, det er det. Så er smaken heldigvis fortsatt som baken, delt.
Plussmedlem
Jeg tror ikke det blir så riv ruskende ille når du får plassert det i akvariet og mosen vokser seg til.

Hvis du plasserer det bak litt planter og andre dekorasjoner, så bryter du opp de litt unaturlige linjene. En ting er i hvert fall sikkert - fiskene gir seg en velvoksen Maine Coon i om dekoren er naturlig.

Jeg har gjort maaaange slike forsøk selv, tungt inspirert av ting man finner på nettet, men jeg er heller ikke den helt store estetikeren tydeligvis.
Liv Skamsar
Haha! Jo, Aqualibre,du har nok rett i at runde steinar dælja samen med ein kladd silikon ikkje ser naturlig ut ;) Herlig med ærlig tilbakemelding! Takk! Heldigvis ser ein iallefall at det er stein-noko som ikkje var tilfelle med styrofoamen ;) Her i området er det frå gammalt av ein del steinmurar som hegna rundt gardane. Det var ein fin måte å få vekk steinane som vart rydda frå jorda. Eg tykkjer desse er superfine, så det var vel helst litt sånn gammal steinhegning-look eg var ute etter. (og ikkje lukkast heilt med). Når mosen er kommen på, så håpar eg det ikkje skal sjå for ille ut... Skal slenga ut eit bilete når eg har fått dandert det i karet. Så gledar eg meg til like ærlig tilbakemelding da;) Viss det blir sjåande heilt forj..lig ut så får eg heller sjå meg om etter skiferheller. Eller meir sannsynleg..kjøpe fra nokon som kan dekorasjonar betre enn meg ;)


Godt at du tok tilbakemeldingen med godt humør Forsåvidt enig med Viktor her , kommer det litt alge/mosevekst på steinene, så ser det nok adskillig bedre ut etterhvert
Bilde
Sånn vart det. Ikkje noko biotop eller naturleg look-men navnet på akvariet er trass alt eventyret. Og det ser da vel litt eventyraktigt ut?!

Gibbicepsane og ancistrusen ser iallefall ut til å vere storfornøgde med dei nye skjulestadane. Og gutane elskar at hodeskallen speglar seg i botnen, for da såg det ekstra creepy ut..

Det trengst litt meir mose her og der, men enn så lenge seier ho gamlemor seg fornøgd for denne gongen.
Liv Skamsar
Sånn vart det. Ikkje noko biotop eller naturleg look-men navnet på akvariet er trass alt eventyret. Og det ser da vel litt eventyraktigt ut?! Gibbicepsane og ancistrusen ser iallefall ut til å vere storfornøgde med dei nye skjulestadane. Og gutane elskar at hodeskallen speglar seg i botnen, for da såg det ekstra creepy ut.. Det trengst litt meir mose her og der, men enn så lenge seier ho gamlemor seg fornøgd for denne gongen.


Nå har vi vl vel allerede konstantert at ærlighet er en dyd? Så jeg får fortsette i samme lei..
Selv for meg som ikke kan utså plastjuggel/farget grus og denslags i kar, syns det ble litt stilig. Dt ga en artig effekt med bar bunn under 'broen', det skal vel illudere en elv? Med det utgangspunkt at karet heter 'Eventyret' , så syns jeg du har lykkes godt
Vil gjerne se bilder igjen når det har grodd til litt
Eg fann!
Eg fann, eg fann, sa Kjerringa dei var i fjorden og bada. Der i fjøra låg jo den eine skatten etter den andre...Driv-trestammar?! Er det noko som kan brukast i eit kar mon tru?
Blikka eg fekk av mine med-badarar tilsa at eg burde hatt ei kvit skjorte med ekstra, ekstra lange armar, men no ligg altså "skatten" utforbi garasjen...
Fin rot , selv har jeg alltid vært skeptisk til å bruke røtter jeg har funnet ute, da jeg er usikker på hva som vil skje med dem, nedsenket i varmt vann? Hva slags tre disse røttene kom fra vil vel også ha betydning, mistenker at røtter fra bartrær ikke er så heldig?

Kunne vært intetessant å høre fra noen med erfaring her, da jeg stadig finner pene røtter ute men de havner i hagen her. Jeg har ennå til gode å grave opp en myr, så for min del er det ikke snakk om myr-røtter.

Pff..hva omgivelsene tenker og tror er ikke noe å bry seg med, stakkars A-4 mennesker, de går glipp av så meget.. :p
Plussmedlem
Det meste av røtter går greit, men man må vurdere litt tilstanden på de og hvor man fant de.
Drivved fra sjø hadde jeg vært skeptisk til. Men om man har en stamp å senke dem ned i og man kan måle salinitet etter en tid, så går sikkert det også greit.
Men røtter man finner i innsjøer og dammer går fint.

Bartrær er generelt litt porøse og råtner fort, men om man finner et godt emne som har ligget slik at sola og vinden har gitt det dugelig med juling, så funker det. I hver fall en stund.

Jeg har brukt mindre røtter av bartrær, norske løvtrær, røsslynggreiner og også gammel rododendron uten problemer.
Min erfaring er at alder og generell tilstand er viktigere enn hvilken sort det er. Men alt må brukes med forsiktighet.

Viktor
Det meste av røtter går greit, men man må vurdere litt tilstanden på de og hvor man fant de. Drivved fra sjø hadde jeg vært skeptisk til. Men om man har en stamp å senke dem ned i og man kan måle salinitet etter en tid, så går sikkert det også greit. Men røtter man finner i innsjøer og dammer går fint. Bartrær er generelt litt porøse og råtner fort, men om man finner et godt emne som har ligget slik at sola og vinden har gitt det dugelig med juling, så funker det. I hver fall en stund. Jeg har brukt mindre røtter av bartrær, norske løvtrær, røsslynggreiner og også gammel rododendron uten problemer. Min erfaring er at alder og generell tilstand er viktigere enn hvilken sort det er. Men alt må brukes med forsiktighet.


Interessant . Disse du har plukket selv, har du behandlet dem på noen måte, før du satte dem i karene?
Plussmedlem
Ikke alltid behandlet nei.

Greiner og røtter som kun er eksponert for været, ser jeg ingen hensikt med å skulle gjøre så mye med. Er det skittent, så gis det en kjapp vask. Ellers ingen fiksfakserier.

Men har det vært i kontakt med jorden eller vannet, så får det en runde med varmvann og en skrubb.

Rhododendron-greinene lå eksempelvis på toppen av en haug med andre greiner et års tid. Da jeg tok de inn var de knusktørre.
De har vært i bruk nå i over 6 mnd og det er ingen tegn til råte på de. Barken flasser heller ikke av veldig lett.
Jeg snubla nemlig over noen innlegg på en utenlandsk akvarieside som nevnte at røtter fra rhododendron brukes en del i andre deler av verden, og selges ofte som "spiderwood" og under andre fancy navn. Og selv om blader og blomster på denne er giftige, så vet jeg også at det er sjelden planter lagrer giftstoffer i andre plantedeler. Det hender barken også inneholder gifter i en del busker og trær, men langt mindre enn i løvverk og blomster.
Så jeg vurderte risikoen for noen uønskede konsekvenser som minimal.

Bartrær bruker jeg sjelden. Kun hvis jeg finner et emne som er av eksepsjonell kvalitet. Altså knusktørt, uten bark, godt eldet og værbitt som Terje Vigen.

Men det er viktig å bruke hodet når man benytter slikt i akvariet. Og vær tålmodig. Og man trenger absolutt ikke bruke meg som et eksempel til etterfølgelse.

Er man usikker så kjør på med varmvann og skrubb, hiv det i stekeovnen om det får plass. La det tørke inne på et varmt sted i noen uker osv.


Plussmedlem
Nå mer eller mindre kuppa vi vel tråden til Liv, og det var ikke meningen. Beklager.

Håper det går greit??
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap