Reker og større fisk... Ikkje akkurat ein superkombo dersom det er carnivore eller omnivore fisker.
Eg har også ein 400-liter, og har (med vilje) hatt mindre fisk + rekemiks. No har eg introdusert eit palettciklidepar (gøy for ungane), og såg at dei små palettane som ikkje er utvokst ein gong gjekk rett til angrep på rekene, så det spørs kor lenge dei varer. Samme med yngel. Eg har kobbertetra som har yngla ein del i karet, og det har stadig vokst opp ein og annan, men med introduksjonen av paletter så kan det vel hende at det blir lite av yngel som veks opp framover.
Går ein for litt større maller, f.eks., er ein jo rimeleg trygg for angrep på andre fisk. Eg har sjølv litt lyst på ein eller fleire større plecoer, men er også nøgd med å ha eit stort kar med mindre relativt rolige fisk.