Innbygging av akvariestativ

Noko av det beste ein kan nytta som stativ/bord til akvarium er såkalla porsarør-stativ. Desse blir levert som standard til ei rekkje ulike akvarium og er rimelege og veldig bra, men sidan eit slikt stativ blir veldig opent er det ikkje akkurat pent i ei stue:



Då vi kjøpte ein ny 430-liter hausten 2006 var planen å byggja stativet inn i eit skap, noko mange andre har gjort. Det kan gjerast enkelt med berre finérplater på utsida sidan aluminiumsrøra i stativet bærer heile vekta, men eg fann på ein anna variant for vårt stativ i dette tilfellet.

Dei fleste kjøper sølvgrå stativ, men det er også mogleg å få tak i sorte stativ, og det blei kjøpt i dette tilfellet.
Eg ville nemleg bruka aluminiumsrøra som kantane, slik at stativet ikkje blei breiare enn karet.

Det eg gjorde var å lage sider til stativet og to dører. I tillegg laga eg ei hylle til innsida på den eine sida av stativet. (Ikkje på høgre sida, fordi vi treng heile høgda for å få plass til det eksterne filteret).

Eg kjøpte på førehand inn ei furu-limtreplate, vinkeljern, hengslar og handtak til dørene. Dessutan beis og lakk.

Dette blir ikkje dyrt. Ei slik plate kostar eit par-tre hundrelappar, og ein kan bruke andre typer plater også, f.eks. finér eller sponplater.

Furuplater har ein tendens til å slå seg og bli litt skeive, så i mange tilfelle er nok rettare plater å foretrekke.

Pga at furuplatene er litt skeive måtte eg seinare stive av dørene litt med ei diagonalgåande list.








Det første som blei gjort var å kappe opp to sider som passa akkurat inn mellom dei firkanta røra i stativet. Deretter blei dørene også kappa opp.

Eg kappa så opp fire lister som var like lange som sidene:



Ingen av tredelane skulle skruast fast i stativet. Sidene blei dytta inn frå innsida, og eg monterte difor ei list på kvar side slik at sidene ikkje falt ut. Dette er også lista som dørene blei skrudd fast i.



På førehand gjorde eg klart hol for montering av handtak på dørene



Og skrudde fast hengslane i dørene



Så blei dørene og sidene beisa svartbrune og deretter lakka.

I bakgrunnen kan hylleplata sjåast. Den blei ikkje beisa mørk, berre lakka for å tåle eventuelt vatnsøl.



For å gjera det enkelt med hylleplata skrudde eg berre fire rette jernbeslag som stakk litt utanfor kantane fast i hylleplata. Sidan plata var kappa slik at den passa akkurat mellom røra i stativet, kviler jernbeslaga på stativrøra, og resultatet er ei stødig hylleplate som kan takast ut.



Når lakken var tørr blei sidene dytta inn innanfrå, og kvar av sidene blei satt i spenn med tynne lister inni som går i heile stativets lengde, og skrudd fast med vinkeljern.
Dette held sidene svært godt på plass i overkant.



I forkant av lista blei så hengslene til dørene skrudd fast.



"Dørstopper" på midtstaget blei teipa fast med dobbeltsidig tape:



Ein kan her også sjå den tverrgåande lista i forkant som held sidene fast.



På den tverrgpande lista blei det montert dørmagnet



Slik blei hylleplata (Sjå bort frå rotet :-)




Slik ser det ut der hengslane er montert

 


Sidene blei pene, med "innfelt look".



Og slik blei det endelege resultatet.



Det står ikkje så verst i stil med vitrineskapet :-)


Holger Lockertsen - 20.01.2008
Tilfeldig bekjentskap
© LOFFA2013
Reklame for plussmedlemskap