Nokre tips om bilderedigering!

Det er eit stort spenn mellom dei ulike bileta som blir lasta opp på AkvaForum. Det er både bilete som framstår som 100% profesjonelle, og bilete som framstår som litt meir amatørmessige.
Ofte er det lite som skal til for at eit amatørbilete skal framstå som meir profesjonelt og flott, og her er nokre tips!

Bjarne har skrive ein flott artikkel om sjølve fotograferinga av akvarier og akvariefisk som du kan lesa her. Har du ikkje lese den allereie er det absolutt lurt å starte med å lesa den først!

Denne artikkelen du les no tar føre seg ein del ting du kan gjera etter at biletet er tatt for å få det til å sjå mykje betre ut - både i albumet ditt, på internett, og meir spesifikt; her på AkvaForum.

Det er faktisk ikke så mykje som skal til for å gjera biletet ditt ein heil del betre!



Eg tar utgangspunkt i at du har tatt biletet med digitalkamera, men desse tipsa gjeld også dersom du har scanna eit bilete tatt med vanleg film.

Program

Du treng eit biletredigeringsprogram for å gjera dei endringane eg går gjennom under her.
Det er ikkje til å leggja skjul på at det er ein stor fordel med Adobe Photoshop, men Photoshop er eit svært dyrt program og ikkje alle vil ta seg råd til å kjøpe dette. Det er eit avansert program og det tar også litt tid å læra seg det.

Du kjem imidlertid eit godt stykke på veg med gratisprogram som du kan laste ned frå internett. Eit enkelt og godt program som eg brukar til enkel biletvisning og enkle operasjonar er IrfanView. Dette er altså heilt gratis, og du kan ta utsnitt, endre lysstyrke/kontrast, endre fargebalansen og gamma/saturation i biletet. Last ned IrfanView her:
http://www.tucows.com/preview/194967

Det finst sjølvsagt mange andre program ein kan bruke, men her tar eg først og framst for meg enkle endringar ein kan gjera med IrfanView.

Før du byrjar er det lurt å hugse på at du bør gjera alle endringar i det største formatet du har, før du endrar storleik til bruk på internett.

Riktig utsnitt

Noko av det første du bør vurdere med biletet ditt er om utsnittet er riktig. Kanskje er hovudmotivet plassert litt for mykje ut til kanten. Då kan du ta eit nytt utsnitt av biletet slik at motivet blir meir framtredande, eller til og med verka større.

Dette gjerast med såkalla "cropping" og dette kan dei aller fleste biletprogram gjera. Også IrfanView.  Der brukar du musa og klikkar og held inne venstre museknapp i biletet for å få lage ein firkant med det beste utsnittet. Så vel du "Edit - Crop" i menyen.

Originalbilde:



Croppa versjon:




Støy

Dersom du har tatt biletet utan blitz kan biletet framstå som kornete i mørke parti. Det finst eit gratis program som kan fikse på dette, men det må brukast med omhu. Programmet som heiter Neat Image kan brukast som eit stand-alone program eller som eit filter i Photoshop. Det er viktig at det blir brukt på biletet i det største formatet du har, for best resultat.

Her kan du laste ned Neat Image: http://www.neatimage.com

Fiksing av småfeil

Det er fullt mogleg å fikse på småfeil i biletet, f.eks. effektivt fjerne små forstyrrande partiklar i vatnet, ein skitten flekk på akvariet, eller tilsvarande irritasjonsmoment i eit ellers perfekt bilete.
Du må imidlertid som nemnt ha eit litt meir avansert biletredigeringsprogram, og eg vil ikkje gå nærmare inn på korleis dette gjerast her, men kjem kanskje attende til det i ein annan artikkel seinare.

Fokus/blurring/sharpness

Det er viktig at objektet du fotograferer er i fokus. Er det ikkje i fokus i utgangspunktet er det lite du kan gjera med det, men er det berre litt ute av fokus, kan "sharping" av biletet kanskje hjelpe litt.

I Photoshop er det ein del innebygde filter ein kan bruke for å gjera biletet skarpare. I Irfanview er det ein funksjon: "Image - Sharpen" - denne funksjonen må brukast forsiktig.

Ofte er det viktig at f.eks. fisken i forgrunnen er skarp og fin, medan bakgrunnen bør vera meir tåkete/blurry for å skape dybde i biletet. Med blur-tool i Photoshop kan ein faktisk få ein fisk til å stå litt meir fram ved å gjera bakgrunnen meir utydeleg. Eventuelt gjera den litt mørkare.

I Irfanview er det også mogleg å blurre delar av biletet, men då må ein markere den delen av biletet ein ynskjer å blurre, og så velja "Image - Effects - Blur". Det er ikkje så enkelt som å bruke blur-verktyet i Photoshop, men er betre enn ingenting!

Sharped forgrunn, blurra bakgrunn:




Lys/kontrast

Med nokre enkle grep kan ein i nokre tilfelle endre eit mørkt og grumsete bilete til eit mykje lysare og klarare bilete. Med Irfanview kan du endre på brightness og contrast dersom du vel "Image - Enhance colors". Tilsvarende funksjon finst sjølvsagt også i Photoshop og andre program.

Fargebalanse

I eit akvarium kan det ofte vera eit for gult lys, og dette kan også endrast på med enkle middel i Irfanview. Du finn innstillingar for fargebalanse under "Image - Enhance colors", og der kan du også gjera andre endringar.

Prøv deg litt fram med ulike innstillingar og finn ut kva forbetringar du kan gjera med biletet ditt. Det er ofte ikkje så mykje som skal til!

Endra fargebalanse litt, auka kontrast og litt ned i lysstyrke:





Riktig storleik før opplasting

Når du skal bruke biletet i ulike samanhengar er det viktig å ha det største biletet som utgangspunkt. Skal du skriva ut bildet på fotopapir eller bruka biletet i eit magasin må oppløysinga vera så stor som mogleg. På internett skal det imidlertid vera ein del mindre, ellers tar det for lang tid å laste det ned for brukarane, og ein brukar mykje bandbreidde. 

>>  Eit bilete til bruk på AkvaForum skal vera maksimalt 500 pikslar bredt og 500 pikslar høgt. 

>> Biletet skal ikkje ha høgare oppløysing enn 100 dpi.

>> Bileta på AkvaForum skal alltid vera i jpg-format.

>> Bileta skal ikkje ta større plass enn 100kb på harddisken. 


Først endrar du storleiken på biletet

I Photoshop brukar du "Image - Image size" i menyen for å endre storleiken på biletet.

I Irfanview vel du "Image - Resize/Resample" for å endre storleik på biletet.
"Set new size" - sett Width til 500 dersom biletet er breiare enn det er høgt, eller sett Height til 500 dersom biletet er høgare enn det er breidt.
- Pass på at "Preserve aspect ratio" er kryssa av før du endrar storleik.

Etter at du har klikka OK, går du til "File - Save As". Der skriv du inn eit nytt filnamn, vel filtype "JPG - JPEG Files" og vel kvalitet på JPEG Save options. Jo høgare kvalitet - jo større fil!
Prøv deg fram, og vel ein kvalitet som er så høg som mogleg, men sørg for at filstorleiken er under 100kb.

Lagre, og sjekk storleiken på disk. Er den for stor, gå ned på kvalitet. Er fila lita nok, kan du kanskje gå opp i kvalitet.

NB! Dersom biletet du lastar opp på AkvaForum sine nettsider ikkje passar inn i krava, vil eit program på serveren endre fila di før den blir synleg på internett. Dette programmet lagar diverre ikkje særleg pene bilete, så det er veldig viktig at du passar på at biletet ditt er tilpassa krava på førehand!

Som sagt er det ofte ikkje så mykje som skal til, og eg vil absolutt tilrå deg å setja deg litt inn i enkle dataverkty for å gjera bileta dine enda betre. Det vil også familiebileta dine kunne nyte godt av!

Tips:

  • Gjer ikkje endringar i biletet på originalfila. Du vil kanskje gjera andre endringar på eit bilete seinare, og då vil du helst ha originalen å jobbe ut i frå.
  • Bruk "Lagre som" - "Save as" for å lagre ulike kopiar og versjonar av originalfila.
  • Ikkje overdriv effektbruk. "Less is more" - Det beste resultatet er ofte når andre ikkje kan sjå at du har gjort noko med biletet i det heile tatt.

Fy-fy-ting: 

  • Dato i hjørnet av biletet - Sjå avsnittet om riktig utsnitt!
  • Skitne glass i akvariet.
  • Hovudmotivet ute av fokus.


(Endringane som er gjort på biletet i artikkelen er berre gjort med IrfanView, dei er gjort fort og er berre meint som eksempel)


Holger Lockertsen - 13.02.2006