Akvariebord til 222-liter

Det startar med eit stykke tre - som så mykje anna. Det er viktig med god hjelp, og pus hjelper gjerne til!



Eg starta med det som karet skal stå på - brukte nokre 46mm lekter som eg sagde til, limte og skrudde saman. Bordet skal bli omlag 70 cm høgt.



Viktig at dette held - det skal halda omlag 250 kilo, så eg gjorde meg flid med delane som vart limt/skrudd saman.





Her er det berre den eine sida som manglar. Resten er limt og skrudd på.



Bordet skal også vera eit skap, med ei hylle kor m.a. det utvendige filteret skal få plass, og her sager eg hylla til riktig storleik. Materialet er ei hobbyplate av bjørk.



Beina gjerast klåre. Vinkeljerna er for enkel montering av hylla i skapet.



Beina og hylla setjast saman. Finerplata er berre for å halda konstruksjonen midlertidig saman.


Toppen og ramma under er limt/skrudd saman, og sidene i skapet limast på.



Så langt kom eg på søndag. Sidene er limt på, bein og topp heng saman.



Avstiving i bakkant vart naudsynt for å få sidene rette. Her avslører eg også at eg ikkje gjorde dette aleina saman med Pondus. Eg hadde profesjonell hjelp!



Dørene er pussa, og hengslar vert montert.


Så monterte vi pyntelister i sidene og langs ramma oppe.



Listene er limt på.




JUHU! Bordet er klart for lakkbeising!

 

Beising!


Kontakten la eg inn i sjølve skapet framfor å ha eit greinuttak liggjande å slenge under border. Straum til filter, pumpe, varmekolbe og lys betyr mange leidningar, og eg føretrekk å samle dette inni skapet.



JUHU2! Bordet er ferdig beisa, og plassert på plassen sin!



Handtaka til skapdørene er kjøpt på Clas Ohlson


Karet også i hus, og slik vert det sjåande ut!


Holger Lockertsen - 15.10.2005
Tilfeldig bekjentskap
© Trym Andreassen
Reklame for plussmedlemskap