Hjemmelaget artemiaklekkeri.
Etter å ha lese ein heil del om Artemia og korleis klekke desse fantastiske små krepsdyra, satte eg i gang med å lage klekker. Oppskrifta på denne klekkestasjonen skal eg ikkje ta æra for. Det er mange f.eks. på internett som har vist til liknande oppskrifter.Det er fullt mogleg å kjøpe slike klekkeri i butikken, men dette kostar ein del pengar. Dette er billig-måten:
Eg byrja med to plastflasker og klipte båe i to delar. Den øverste utgjer sjølve klekkeriet, og den nederste eit "stativ" slik at klekkeriet kan stå med tuten ned.

For å få maksimal klekking er det viktig med god lufting og sirkulasjon. Dette får vi med ei luftpumpe og ein lufteslange som har luftutløp i botnen av klekkeriet. For å lage dette, bora eg eit hol i den eine korka:

Dette holet var akkurat passe til ein lufteslange med diameter på 6,5 millimeter.

Så forsegla eg med akvariesilikon:


Deretter bora eg eit hol til lufteslangen i den flaskedelen som utgjer "stativet".

Så trakk eg slangen gjennom holet med korka inni

Så fylte eg denne "stativ"-flaska med grus for å gjera heile greia meir stabil, og skrudde korka på den andre flaskedelen. (Hugs plastpakninga inni korka - elles blir dette å lekke):

Så kunne eg helle i vatn. I dette tilfellet ein halv liter temperert vatn med 3 ts salt utan jod. Hugs tilbakeslagsventil!

Dette fekk godgjera seg ein halvtime før eg hadde oppi ei teskje med artemiaegg.

Så skal dette få gå med god lufting i omlag 24 timar med 25-30 grader, så blir det godt og næringsrikt levande fór til yngel og vaksen fisk.

Når artemiaen er ferdig klekka, blir dei silt ut gjennom ei artemiasil og helt over i ferskvatn før dei blir servert.
Holger Lockertsen - 15.10.2005