Eg har 2stk amanoreker i akvariet. Kan eg ha andre reketyper sammen med dei, eller er det då fare for at dei blandar seg? Er det gunstig å ha fleire enn 2 reker i samme kar? Er eit 180liters kar med 1stk dverggurami, 1stk perlegurami, 2stk blå gurami, ein gul gurami(aner ikkje namn, men reknar med det er gurami sidan den er veldig lik dei andre) kuhliål og slike Ancistrus (2 små gule og ein stor mørk som er veldig sky).
Den eine reka bærer på rogn, korleis kan eg evt. legge det til rette for den slik at yngelen kan leve opp? (dei eg kjøpte rekene av sa at det vart aldri noko utav rogna til den reka) Og kva krav har egentleg amanorekene til leveplassen sin? Har ikkje funne noko særleg om amanoreker i bøkene mine, kva namn skal eg søke på i kunnskapsbasen? Finner ingenting når eg søker på amanoreker...