Mine vakre dyr

Min interresse for fisk har eg nok alltid hatt, men at det gjekk an å ha dei i akvarie vår noko eg fann ut av når eg var 10 år gammal. Eg har hatt allergi heile livet, men det blei ikkje bevist før eg var 9 år gammal så eg har hatt katt, hamster og underlater som liten.

Som alle andre som blei eg lurt som 10 åring til at 54liter er den rette størrelsen for alle som startar for første gang. Heilt utrulig nok så fikk vi beskjed å vente i tre veker før vi kunne kjøpe fisk(dette er det lengste nokon som jobbar i ein dyrebutikk nokon gong har sagt til meg). Sjølv om dei viste at det var viktig å vente så ante dei ikkje stort om fisk, eg fikk ein gibbi, to slørhalar, to scalarar, ein flokk med stimfisk eg ikkje huskar namnet på, ildhale og kampfisk. I tillegg fekk eg 5 sølvhaiar i gave seinare.
Som de sikkert forstår så overlevde nesten ingen av disse, og innan det var gått to år så var eg blitt lei. Mitt problem var at eg ikkje fikk det ansvaret eg ville ha, eg fikk ikkje hjelpe å skifte vatn eller skylle filter. Mate var det eg fikk lov til, dyra føltes ikkje ut som dei var mine lenger. Dette høyres nok ferderdeleg stygt ut, men fiskane som fortsatt levde når det var gått to år havna i dammen vår ute når sommaren kom. Nokre av dei overlevde heile sommaren, men når hausten kom var alle døde eller spist(det var ørret i dammen). Slik endte mitt første møte med akvariehobbyen.

No har det gått ti år sidan dette skjedde og eg veit at det som skjedde då var veldig dumt. Eg har alltid vore glad i dyr og når eg flytta til Trondheim for å studera der for to år sidan så bestemte eg meg for at eg skulle prøve å ha akvarie igjen. Etter eindel overtalelse av ho mor så fikk eg med meg 54 literen som stod i kjellaren, men det meste av utstyret til måtte kjøpast nytt. Denne gongen byrja eg å lese før eg satte opp akarie. Så når akvariet hadde gått i fem veker gjekk vi på dyrebutikken for å sjå kva fisk vi ville ha. Vi bestemte oss for at vi skulle ha ein corydoras art for dei rota rundt i grusen og så måtte vi ha ein type algeetar. Og sodan guppy var kjent for å ete av filmen på toppen av vatnet så ville vi gjerne ha nokre av dei og. Vi snakka masse med dyrebutikken før vi kom fram til at vi ville ha to algeetarar(ancistrus) og 4 metallpansermaller. Dette blei dei første fiskane som blei putta i akvariet. Ancistrusane var svært tynne og vi klarte ikkje feite dei opp før dei døde fra oss, så vi tok ein pause frå algeetarar. Og kjøpte heller inn guppyen. Kvar gong det blei født ungar så blei dei ete opp med ein gong. Og når vi prøvde å flytte hoa til eit fødekar så blei ho så stressa at ho ville ikkje sleppe ut ungane i det heile og døde av det. Etter eit halvt år med akvariehobbyen så bestemte eg meg for at eg skulle ha fleire akvarier og det om ikkje så altfor lenge, så vi kjøpte oss fire SAE til akvariet. Ikkje lenge etterpå byja det å lekke, så vi tok ein kjap avgjersel om å kjøpe eit heilt nytt akvarie. Denne gongen skulle det vera litt størrelse på det, slik kom 200L i hus.

54L blei gitt vekk til nokon som ville ha den og 200L var vårt nye akvariet, samboaren syns det var kjekt med fisk så lenge det var mitt ansvar med stell. Så når vi begynte å snakke om reker føyde han seg likegodt etter. Dermed kjøpte vi ein brukt 30L, dette skulle vera vårt rekekar(det er akkurat no ikkje reker i det, men det skal komme seinare). Når vi flytta fra Trondheim og sørover blei denne 30L fiskane sin buplass ei lita stund(då hadde vi berre 4 metallpansermaller, 2 kampfiskar, 1ancistrus og to dvergtigerreker)

Stavanger: Når vi flytta her hadde vi berre eit fåtall fiskar og eit stort akvarie og planane for kva vi ville ha som hovudfisk blei samtale emne. Regnbuefisk var noko samboaren min syns var fine fiskar og eg var blitt veldig glad i albino ancistrus. Etter mykje leiting fikk vi no tak i begge og har økt antalet på metalpansermaller og vanleg ancistrus. No var akvarie akkurat slik vi ville ha det.
Forgje innlegg blei visst kjempe langt. Så denne får vel heller bli litt kort.
Til helga skal samboaren og ein kompis av han til karmøy for å hente eit 540L akvarie som ei her inne har vore så snill å selge til oss, eg gledar meg som ein unge til det kjem. Gledar meg mest til å få med ein gibbi, sidan eg ikkje har hatt det sidan eg var liten. Så nå har vi to filter i 200L for å kickstarte 540L når den kommer. Gleder meg til søndag

Kjøpt mine første otto i dag. Dei er nydelige!
då var 540en i hus, og det er stort eg lika da!!

I morgo begynne fylle jobben av vatn og sand. Tar det som ein treningsøkt, og fylle med bøtte for hånd. Godt å trene ein gong innimellom :p Skal prøve å ta bilder snart, er ikkje alltid eg får det til og blir skikkelig sur med meg sjølv. Men skal heller holde på til eg i vertfall får eit bilde i morgo.
Nå når eg sitt prøvar å ta bilde av akvariet med kamera så såg eg inn til ancistrusen for å sjå koss det går med han. Og inni skallen hans såg eg plutselig bevegelse av vertfall tre små ancistuser. veldig artig sidan eg ikkje trudde hannen var kjønnsmoden eingong. Jippi!! Tippar dei er ein eller to dagar gamle. Umulig å ta bilde av dei, men fy så kjekt det blir når dei kjem ut av hola.
to av regnbuefiskane

fotogen kampfiskdame, ho er over året no

coryene og kampfisken i matfatet
nøkkelhullciklide som vi fikk med akvarie i går

gløymte bilde


pappa ancistrusen i hula si, her har den vore i ei veka utan å komme ut. Det er ungar der og, men dei ser du ikkje på bilde.


216L slik den er nå. Overfull, men det blir ordna om nokon dagar.
vi har alle akvariene i eit rom og dei er så nærme kvarandre at eg fikk alle inn i bilde med makrolinse på kamera.

Vatnet i 540en er veldig skittent, men eg hadde akkurat stoppa å fylle vatn i det reknar med det roar seg ned i løpet av dagen. skal hive i plantar i morgo. Tar i stein og røtter når eg ser ka eg held på med. fy så gøy det er med akvarie
fikk tatt eit bilde av gibbien når den følte det var på tide med mat. Då stilte den seg i hjørna og venta på agurk(det var jo der den hadde fått det sist).

I dag måtte eg berre sjå inn til ancistrusane for å prøve å telle. og det var visst litt fleire enn tre, oppi skallen var det brunt. Ingen har antydning til magesekk heller. og det ser ut som alle har fått mørkebrun farge, nokon som veit kor gamle dei er då?
når akvariet blei henta så gløymte gutta toppglasa, men vi har mange elektrikar vennar og ein av dei sa han skulle hjelpe oss med å gjera koblinga vannsikker.
Håpar han kjem på lørdag, så eg skal plante planter i 540L på fredag og i dag skal vi få tak i akvariesilikon så vi kan lime samen litt steinar. Å sette opp akvarie er alltid kjekt!
Veldig artig å sjå på dei små i 200L og, av og til så går dei langt ut av hula for så å skunde seg tilbake. Kor lange er dei når dei kjem ut av hula til slutt mon tru? No er dei 1cm lang, og pappa gjere alt for å passe på barna sine! Daske nokon i ansiktet når dei ikkje tar hintet om at her er dei ikkje velkommen, det har han gjort og.

Gleder meg til dei kjem ut alle sammen!! vil tru det ikkje er så lenge igjen.
Gratulere med nytt kar :)
Har masse halvvoksne regnbuefisk til salgs nå, om du vil utvide gruppen din
Hei atle :d
Eg vil få litt størrelse på dei eg har først. Disse minste dine vil ikkje vokse. Men eg har feita opp fisk før, så skal nok få til disse og. Er det noko mat som er bedre enn andre til det?

Du har jo peiling på ancistrus, kor lange er dei når du kan selge dei? Og kor gamle er dei sånn ca då? Har plutselig fått eindel små skjønne du..

Koss går det med dine fiskar då? Fått masse nytt?
..
Mine vokser veldig fort nå, og jeg forer bare med tetra discus bits og mygglarver, frosne røde og levende fanget. Disse kan spise 24 timer i døgnet...

Ancistrus bør ikke selges under 2cm i allefall, er min påstand. Det tar fort noen mnd før de blir det. 2-3mnd, alt etter tilgang på mat.

Hos meg går det bra ja, holder på å sette opp enda en ny reol nå 15 kar til....




Ingebjørg Tveit
Eg vil få litt størrelse på dei eg har først. Disse minste dine vil ikkje vokse. Men eg har feita opp fisk før, så skal nok få til disse og. Er det noko mat som er bedre enn andre til det? Du har jo peiling på ancistrus, kor lange er dei når du kan selge dei? Og kor gamle er dei sånn ca då? Har plutselig fått eindel små skjønne du.. Koss går det med dine fiskar då? Fått masse nytt?
Du er heldig Atle som har plassen til så mange kar, trur mannen seie stopp no. Han var ikkje akkurat enig med 540L heller, men med litt smisking så blei det eit javel..

I dag har eg vore hos dyrego i stavanger og tam i sandnes for å spør etter værål. Dyrego var ikkje samarbeidvillige, men Tam blei kjempe engasjert og skulle bestille inn til meg og ringe når dei kom. Eg gleder meg

Ho som jobba på Tam hadde nokon nydelige chinese crested. Ein powder puff og ein vanlig, powder puffen var så søt at eg ville ha den med meg heim... Kanskje eg skal ha ein sånn ein gong og :p Når eg sa det så rista samboaren på hovudet....
Kikka inn til ancistrussen i dag, nokon av yngelet har forlatt redet og stortrives på utsida. Når eg ser inn så lyser det gukt i taket, trur du ikkje det har vore ei inne og lagt egg. Lure på kven det var denne gongen, håpar det var albinoen. Hadde vore kult om det blei nokon kvite og. Syns litt synd på hannen, han har ikkje vore mykje ut av skallen i det siste. Får gi han litt mat inni skallen, det har funka før.

bilde er av ein yngla som har gått ut av hula, det er ein heilt vanleg algeskrape over.
Ho som jobba på Tam hadde nokon nydelige chinese crested. Ein powder puff og ein vanlig, powder puffen var så søt at eg ville ha den med meg heim... Kanskje eg skal ha ein sånn ein gong og :p Når eg sa det så rista samboaren på hovudet....

Vi har en slik i huset og det er absolutt en hund å anbefale . Utrolig herlig gemytt ,tillitsfull og veldig allergi og barnevanlig
Godt å høyre. Allergi vennlig er han i vertfall, eg reagerte ikkje i det heile på denne. Dersom eg har råd og muligheten til å ha to hundar så skal eg i vertfall ha den høgt på lista. Portugisisk vannhund er øverst for øyeblikket, men disse hadde vel gått fint i lag og dei.
Tilfeldig bekjentskap
© Rita Aspevik
Reklame for plussmedlemskap