Døde Neontetra og sjuk Gurami.

Eg har visstnok fått ein slags bakterie i akvariet mitt. Eg har begynt å medisinere etter råd frå fiskebutikken, men dei er ikkje blitt friske etter 5 dager, so no lurer eg på kva eg skal gjere vidare.

Desse fiskane er sjuke:
Neontetra (Disse har vi hatt i 12 månader)
Koboltblå Dverggurami (Disse har vi hatt i 4 veker)

Andre fiskar i akvariet:
4 Kuhliål (Hatt dei i 14 månader)
1 Ancistrus (14 månader, er muligens også litt sjuk, men synes det er vanskelig å avgjere)
4 Polkadot-botia (Har hatt dei i ca 6 månader)

I tillegg hadde vi 2 Siamesiske algespisere som vi ga vekk rett før Dvergguramiane kom sidan dei stressa dei andre fiskane.
Vi hadde nok sjuke Neontetra i akvariet før denne tid, so det var ikkje guramiane som kom med sjukdomen. Eg var berre ikkje klar over at dei var sjuke (Dårlig samvittighet)

- Akvarium/filterløsning? (+ rutiner for rensing av filter)
110 liter Juwel Rekord 800 med integrert pumpe som fulgte med. (Nytt i haust. September?)
Skyller ett og ett filter (av tre) omtrent kvar tredje eller fjerde veke. Renser innvendig innimellom.

- Vannverdier? (+ rutiner for vannbytte)
pH 7, GH 10, KH 3, NO2 0
Bytter 1/3 kvar veke.

- Last gjerne opp et godt bilde. Skarpt.
Dette er så skarpe bilete eg fekk til i denne omgang.
Guramihannen har eitt par hakk i ryggfinnen, guramihoa har sår bak og foran gjellene og på munnen. Gått sopp i eine såret. Biletet av neontetraen er litt uklart, men ville først og fremst vise knekken den får på halen. I tillegg er den tynn med utståande underleppe. Denne fisken er no død.

Oversikt symptom:
Vi har ei periode (To-tre månader) hatt ein oppblåst neontetra. Den var stor og aggressiv mot dei andre tetraane. Eg la ikkje merke til det i begynnelsen fordi det var vanlig at dei gjekk opp og ned i størrelse, men plutselig var det berre den eine som var stor og dei andre vart så veldig tynne. Ein dag var den plutselig tynn igjen og flaut i overflata og døde.
Eg har lest om både popeye og bukvannsott og tenker at det kan vere bukvannsott, men har ikkje sett noko til den kvite, lange avføringa pluss at den oppblåste tetraen såg ut til å ha god appetitt. Men den kan ha spytta ut maten utan at eg la merke til det.
Dei andre fiskane er tynne, "hakk" inn på undersida, mellom buk og kjeve, eitt par av dei har bleikna litt og har bulande auge.

Hoguramien har som sagt sår på høgresida og ved munnen, men virker ellers i god form. Eg lurte på om det kunne vere hannen som hadde gitt ho sår, for han var veldig aggressiv ei periode og bygde skumrede. Uansett grunn er der no sopp i såret. Såra har ikkje vokst den siste veka, men dei kom veldig brått første gangen. Over natta, trur eg.

Det er mulig at dette er noko som oppstod då eg bytta over til nytt akvarium i haust. Men også mulig at det skjedde då eg hastebytta til eit mindre akvarium (fordi mitt 110 liter lakk) før sommaren. (Fem månader sidan?)

Eg veit det er vanskelig å kurere bukvannsott når det først har ramma, men eg tenkte at viss det var bakterier i akvariet, burde eg prøve å gjenopprette balansen. Det står mykje om esha 2000 her i forumet, men det eg fekk på butikken var JBL Furanol 2. Eg har no latt det gå i akvariet i fem dager i tillegg til tilsetting av salt, 1 måleskei per 10 l vatn, bytta halvparten av vatnet i dag. Tilsatte nytt salt, men ikkje medisin.

Hoguramien har eg tatt for seg sjølv og latt gå i vatn med ekstra salt i nokre timar, ein gong for 5 dager sidan, ein gong i dag, for å få bukt med soppen etter råd frå ekspeditøreni butikken. Det er fortsatt sopp i såret.

Det kan vere innbilning, men eg synes kanskje at Neontetraane ser litt tjukkare ut. Skal sjekke igjen i morgon.

Det eg først og fremst lurer på er: Kan dette vere noko anna enn bukvannsott eller bakterieproblem?
Og: Det står at eg kan gjenta medisineringa sjette dagen, altså søndag, ved behov.
Nokon som har erfaring med denne medisinen? Er det noko poeng å medisinere igjen?
Botia og ål ser ikkje ut til å vere prega av medisinen anna enn at ålane har blitt litt meir aktive, kanskje, dei siste dagane.
Neontetraane ser fortsatt pjusk ut og er vel ikkje mulig å redde, kanskje, men eg synes det er vanskelig å vurdere når eg eventuelt skal avlive dei. Alle ser ikkje like sjuke ut og det er først og fremst det at dei er tynne som er synlig symptom.

Dette blei visst ei avhandling, men håper at nokon har tid og kunnskap til å hjelpe meg. Vart så usikker på heile medisineringa.
Tenkte bare jeg skulle tipse om JBL hospital om du ikke har sett på de sidene. Her kan du se om det er noe som ligner på det som feiler fiskene dine
Både likt og ulikt.
Ja, takk. Eg har sett på sida og syntes ikkje det såg heilt ut som på bileta. Iallfall har ikkje fiskane struttande skjell. Den oppblåste neontetraen likna på den første som døde, men ikkje på dei andre.
Det meste tyder uansett på at det er bukvannsott.
Det kan kanskje minne om feilernæring-symptom også, men trur ikkje det stemmer. Forer med tetra-fôr med bilete av neontetra og gurami på i tillegg til bunnfisk-fôr. Har ikkje gitt ekstra tilskudd, men det stemmer jo ikkje at guramiane blir sjuke etter 3 veker på grunn av det
Tilfeldig bekjentskap
© Karl Inge Stumo
Reklame for plussmedlemskap