Beste valg av utvendig filter til 400l?

Det er kanskje litt vel optimistisk å få eit klart svar på dette spørsmålet sidan smaken er som baken, og erfaringane likeens. Eg har sett at det er veldig mange ulike meiningar om dei ulike filterene, men sidan eg er så forbaska usikker så må eg prøve å spørre dere og sjå kva eg får til svar.

Kva filter er det beste til eit 400l akvarie? Gode erfaringar / dårlige erfaringar?
Mine krav er at det skal være stillegåande, være pålitelig, ikkje dyrare enn det må være men samtidlig håpar eg på kvalitet.

Hertil er mi einaste erfaring på utvendig filter eit Tetratec ex700 som sullar og går i 120l. Dette er eg godt fornøgd med, enkelt å reingjere, lite støy og ikkje for mykje "duppedingsar" som kan øydeleggast.
Men i 400l må det kraftigare lut til, og aktuelle filter eg har kikka på er eheim sin 2080, fluval sin fx5 (men er skeptisk til denne p.g.a motorplasseringa), tetratec sin ex 2400 og så har eg såvidt kikka på am-top. Men føler at am-top er ein outsider. Har også kikka såvidt på eheim sin 2078, men føler at prismessig kan eg likegodt gå for 2080 når det kun er nokre få hundrelappar i skilnad. Men generellt føler eg at eheim sine filter er innmari dyre, spesiellt når filtermassen må kjøpast i tillegg...
Jeg bruker fluval fx 5 til min 450L. Skal du ha et kraftig, billig filter du kan stole på så er dette filteret. Kan ikke huske at noen har klaget over dette filteret
Ja, eg har lest mykje bra om fx5, men så har eg også lest at sidan motoren er på bunnen i filteret så kan det samle seg sand og anna rusk der som kan føre til at motoren stoppar. Har også lest om personar som har opplevd dette. Difor er eg litt usikker på fx5 filteret.

Berre som eit ekstraspørsmål, korleis er det å lage innvendig blåmatte filter på eit slikt akvarium? Skjult bak bakgrunn som ikkje er heildekkande? Kor sterke pumper bør eg evt. satse på? Kor mykje blåmatter / evt. anna filtermedie?
Vil f.eks det fungere med eit blåmattefilter i kvart hjørne? Dvs. to pumper med kvar sine blåmatter i akvariet? (dette grunna at bakgrunnen skal være i hjørnene/sidene men ikkje midt bak)
Og støy på Eheim filterene, er dette eit problem eller handlar det om flaks/uflaks? Har lest om fleire som har slitt med "transformator-støy" i sine nye Eheim filter, blant anna på 2080. Kor vanleg er det med "mandags-modellar"...?

Vart igjen mange spørsmål, beklager...
Er fornøyd med mitt eheim 2180 (innebygget varme element). Er litt lyd, men det merkes ikke når det står inne i skapet under. Mere plagsomt med vannet som surkler i overflaten når det har fordampet litt for mye.

kapasitets messig er det helt fint 400-1200l. og stor filter volum 12+1,5l.
Tilfeldig bekjentskap
© Jørn Henning Flåten
Reklame for plussmedlemskap