Scalarane frøken fryd og frank prøver å reprodusera seg

Etter å ha vokta venstre hjørnet av akvariet i ca ein månad, fann Frk Fryd ut at ho skulle legga egg på ei planta midt i akvariet i staden. Ho har sloss og vokta bladet i heile dag og la for litt sia egga sine. Dette er fyrste gongen deira. Etter all slossinga ser ho no litt lurvete ut. Hadde håpa det roa seg når Frank kom og hjalp til, men neida; eg trudde han kom for å befrukta egga, men han åt dei opp. Stakkars Frk Fryd skjønnar eigentleg ganske lite no.

Neste par ut er Babord og Haifinn. Dei har lagt og vokta egg før, so kanskje den runden går bedre?? Dei har ikkje lagt egg i dette akvariet, men det skulle vel gå bra for det. Babord er i allefall smellfeit so det er nok ikkje lenge att.
Babord og Haifinns reproduskjonsforsøk
Da var Babord og Haifinn i gang Hadde ikkje trudd at dei ville klare å beholda dei små etter dei klekte, men det har dei altso gjort. No heng det masse wigglers på eit blad. Eg trudde dei hadde forsvunne i løpet av dagen, for da eg sjekka i stad hang dei ikkje på bladet, men so såg eg at dei hadde blitt flytta til eit naboblad (noko som var veldig fint for da ser eg dei bedre). No blir det spennande å sjå om dei daktisk får veksa opp.

Og sulawesi-sneglane mine reproduserar ca kvar 3 veke. Hittil har dei fått 3 små
Gløymte å legga ved bilder...
Hvis du er interessert, kan du jo lese denne artikkelen om oppdrett av scalarer

Eg har lese den veeeeldig mange gonger Har dessverre ikkje plass til å driva oppdrett på scalare, so eg tenker at naturen får gå sin gang. Har heller ikkje moglegheit til å klekka artemia. Håpar jo sjølvsagt at foreldra skal få nokre av dei små til å veksa opp. Dei er veldig flinke so langt Eg blir like overraska kvar morgon når eg skal mata fiskane og ser at dei små framleis lev.
Ny flytting
I dagtidleg var alle ungane på bladet sitt. I stad var det det berre 5 att. Rekna med dei hadde blitt mat heilt til eg såg at dei var flytta. Skjønnar ikkje heilt vitsen med å flytta dei frå eine hjørnet og inn mot midten av akvariet, men dei veit vel kva dei driv med Og sjølvsagt måtte yngane flyttast til det bladet som er midt framfor alt filtergørret. Blir so fine bilder!!
Ny dag, ny flytting
I går var ungane vekke att, men denne gongen var dei, som alle dei andre gongene, flytta. No er dei i det rolegaste området av akvariet når det kjem til straumen frå pumpa og foreldra kan forsvara dei bedre. Akvariet mitt har eit innebygd pumpesystem i glas sånn at det blir eit hjørne midt i akvariet (nesten). No er det altso denne kroken som har blitt tatt i bruk. Ungane er nesten frittsømjande. Dei heng veldig dårleg fast i bladet og foreldra har eit sværa strev med å plukke opp rømlingar.

Eg veit at dei ikkje kjem til å overleva so lenge når matpakken deira er oppbrukt, men sia dei har klart seg so lenge so har eg lyst at dei skal klara seg enno lenger. Artemiaklekking er jo noko eg burde starta med for å gleda ALLE fiskane, men hittil har eg ikkje hatt tid, utstyr eller plass. Er det noko anna eg kan fóra dei små med? Liquifry?
Du kan jo alltids prøve annet fôr til dem, men sjansene er dessverre store for at de ikke skjønner at det er mat og derfor ikke spiser det siden det ikke rører på seg. Det er veldig sjelden det går, men det er jo lov å prøve og håpe på flaks!
Levende fôr kicker jaktinstinktet deres og de hugger derfor automatisk til og spiser fôr som levende, nyklekt artemia. Det er ikke noe de trenger å lære at "dette er mat", i motsetning til boksfôr.

Scalareyngelen vil, dersom de ikke spiser det "døde" fôret du prøver å gi dem, falle fra i hopetall daglig i to-tre dager før de er helt borte (sulter i hjel fort, sånne små kryp)

Synes jeg så på et av bildene i tråden at du hadde noen barber eller tetraer i karet også? Det er rovfisk i miniatyr, og når scalareyngelen begynner å vase rundt i akvariet i alle retninger, vil nok barbenes instinkter kicke til også og si "MAT!" når de ser yngelen. Foreløbig ligger jo yngelen i ro for det meste, så de har kanskje ikke helt fått øynene opp for dem ennå. Det er når de blir frittsvømmende at faren er størst i et selskapskar.

Jeg mener ikke være så negativ altså, men det er dessverre kalde, harde fakta når det kommer til oppdrett og fiskeatferd
I know Men det er jo lov å håpa Har som sagt lese artikkelen om scalareoppdrett og har jo skjønt at dei treng levande fór å jakta på. Føler meg veldig slem eigentleg. Sia eg har barber og andre scalarar hadde eg ikkje trudd at yngelen kom til å leva so lenge. Hadde på ein måte vore bedre om dei hadde blitt etne da dei var egg enn no som dei har byrja å sømja litt rundt
Trøst deg med det, at det sannsynligvis ikke er siste kullet scalareparet ditt vil produsere, om dette første kullet nå skulle falle fra enten av sult eller bli spist. Scalarer er som regel ganske regelmessige når de først har satt igang å leke. Da kommer det gjerne med faste intervaller. Mine pleide å leke hver fjortende dag, nesten på klokkeslettet (som regel rett etter et vannbytte, det å få en litt kjøligere dusj liker de).
Yngelen vart heilt frittsømjande i går. Dei fleste hold seg rundt foreldra. Eg hadde nokre av dei i ein fødeboks for å sjå om eg kunne få dei til å overleva. Det det førte til var ei panisk mor som ikkje fekk tak i ungane sine, og to "bøller" som bråka og prøvde å ete dei. Eg slapp dei utatt, eg. Utpå dagen var all yngelen vekke...

I dag har Frk Fryd og Frank lagt egg. Ser no ut som at dette kjem til å bli ein evig sirkel
250l survival of the fittest
Hadde "storopprydding" i 250l i dag (dvs luka vekk masse planter, og skifta vatn). Vart sittande og studera resultatet ei stund og oppdaga 6 stk ancistrus-yngel (inkl. 1 stk albino). Det er framleis VELDIG mykje planter i karet so det kan henda det er meir yngel Vart sjølvsagt sittande enno lenger og studera. Plutseleg ser eg ei knøttlita cherrybarbe (hokjønn) inni skogen. Ho er vel litt under 1 cm. Dei vaksne hoene er ofte sprekkeferdige med egg, men eg hadde aldri trudd at det skulle bli ungar av det (eg meiner: sia det er eit kar med masse fisk og ikkje noko spesialfór for små barn). Eg veit ikkje kor lenge eg vart sittande og glo, men eg kom ikkje noko lenger i yngelteljinga
Har vore litt bekymra for kuhliålane mine for eg har ikkje sett dei på ei stund, men jammen kom ikkje dei fram frå hóla si dei óg!!

Alt i alt ein veldig fin akvariedag (litt ekstra finare i dag enn vanleg)
Artig! De som dukker opp ut av intet er ofte de man får et spesielt forhold til. Håper at yngelet klarer seg. Det er vel ingen tilfeldighet at dette skjer i et akvarie med mye planter… Jeg har hørt om cherrybarber som egnede for naturlig oppdrett, så det trenger ikke være siste gangen du opplever det heller. Bare du har tett nok skog...
Ja, det var veldig moro Håpar sjølvsagt på meir yngel! Ancistrusen har eg fått til før. Den gongen oppdaga eg egga da eg skulle flytta all fisken frå 90l til 350l. Da lot eg egga og hannen bli att i 90l. Denne gongen er det eit anna par
For den vetle cherrybarba sin del angrar eg no litt på at eg rydda vekk ein del av plantene, men som sagt er det veldig mykje att (+steinar og røtter). Reknar med egget har blitt liggande nedi steinura/hóla til kuhliålane og at det er derfor den har klart å klekkast og overlevd uten å bli mat. Alle plassar eg har lese om cherrybarber har det stått at yngelen ikkje overlev viss den ikkje får fór for yngel (type liquifry e.l.), men den må jo ha fått mat på eit vis. Kjem til å sitta framfor akvariet heile helga og sjå etter fleire
Tilfeldig bekjentskap
© Rita Aspevik
Reklame for plussmedlemskap