Home
Siste innlegg Retningslinjer
Om svar og råd i forumet. Alle bør lese!
Søk kun i forum

Søk bare i forumet Personlige akvarietråder
RSS-feed for dette forumet for dette forumet
Fora:
Nybegynner Fisk Snegler/skalldyr Planter Design / Aquascaping Oppdrett Hagedam Saltvann Brakkvann Vannverdier Sykdom Fór og fóring Foto & Film Teknisk Gjør det selv Butikker og produkter Hva skjer? Personlige akvarietråder Artikkelforum Diverse Om Akvaforum Off topic - diverse
 
Tilfeldig bekjentskap
© Haakon Haagensen © Bengt Fossli © Joey
Tilfeldig akvarium
Månedens akvarium
Akvaforum p� Facebook
NB! En tråd i dette forumet kan bare opprettes fra din profil.
Søk
Siste innlegg
Eventyret
Sider: 1 2 3 »
1  

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
EVENTYRET har begynt!
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, omringa av fjell og bre bur det ei impulsiv og dyrekjær kjerring, med mann 3 barn, 2 maine coon kattar, ein hamster.....og fisk!
Det heile starta da minstemann kom heim og deklamerte at han ville ha akvarium! Kjerringa såg på minsten, som hadde klistra på seg det velkjente men gudsåeffektive beggingpuppy-fjeset, og tenkte. "Tja-kvifor ikkje? Det kunne kanskje ha vore koselig det?!" TABBE!

TIL SALGS
På Facebook samme kveld dukka det opp ei annonse om akvarium til sals. "Det var jo midt i blinken" tenkte kjerringa og slo til. Seinare kom Mannen og Kompisen heim med armar som ein orangutang og eit snertent lite kar på snaue 720 liter. "Dette er kanskje ikkje det luraste eg har gjort?" tenkte kjerringa for første-men absolutt ikkje siste gong i løpet av akvariumsprosjektet!

Så måtte det kjøpast ledlys, sidan lysrøyra likevel måtte byttast ut. Og nytt filter, og sand og dekor og testar og vatnmiddel og planter. "Dette må vere den dyraste hobbien eg nokon gong har hatt?!" tenkte kjerringa, der høvdingane rasa ut frå kontoen.
Innkøyring av akvariet starta i november 2017, med sand og planter. Akvarium var vist atskillig meir komplisert enn først antatt, så her måtte det lesast for at dei framtidige fiskane skulle få det bra! Kjerringa følte seg så SMART! Det er jo ikkje lett å vere tolmodig for ei i overkant impulsiv kjerring.
Men plantene vart gradvis meir tuskne, og det er vel her i historien ein kan røpe at kjerringa er blond. For kjerringa hadde ikkje lagt nedi soil-berre pyntesand. "Jadda, Sååå smart! tenkte kjerringa-ikkje for siste gang det heller!

FISK
Tidleg januar overtok Kjerringa 3 fiskar. Gibiceps-mallen "Gibbi",Ancistrusen "Borte" og Kampfisken "Blåmann". Men etterkvart mistenkte kjerringa at blåmann var litt einsom.
3 fisk i eit 720 liters var jo litt lite - og mallene gøymte seg jo stort sett på botnen. Og når den tanken var ramla inn i hovudet så blei det brått kjøpt inn neon- og keisertetra samt 2 kampfisk damer til "Blåmann" ein fredag i februar. Ingen hadde sagt noko til Kjerringa om at over 30 nye fisk (om enn bitte små) er aaaaalt for mykje på ein gong! Vatnverdiane var jo fine og dei tre fiskane såg jo ut til å stortrivast?! YEPP-Blondie slår til igjen! Sååå smart!!

DET GJEKK SOM DET MÅTTE GÅ...
Så starta det! I løpet av fredagskvelden og dei neste dagane døde 5 neon, 6 keiser og 2 kampfisk. Teststrips etter teststrips vart brukt og CO2 og nitritt var på bærtur. Hadde kjerringa dømt fiskane til døden med dette impulskjøpet av alt for mange fisk!?! Kjerringa såg at kampfisken Blåmann blei gradvis slappare og bleikare.. Og innan kjerringa skjønte at det ikkje var vatnverdiane som var feil,men teststripsa som var på bærtur, så var det forseint. Sjukdommen herja i karet! Ingen butikkar er opne her i huttituttiland om helgene, så ingen medisin var å oppdrive! Kjerringa googla og las og prøvde desperat å gi salt bad og auke saltmengde i akvariumet(men kunne ikkje ha mykje pga mallene). Mandagsmorgon måtte ho hjelpeslaust innsjå at blåmann var dødssjuk. Medisinen kom for seint! Ikkje hadde kjerringa trudd det, men ho var faktisk blitt overraskande knytta til denne selskapsjuke nydelige lille fisken sin! Og her kunne historien endt!

EVENTYRET FORTSET
Men den nye kampfiskdama "Lucinda" svinsa foran kjerringa og gjorde seg søt og vakker og krevde merksemd fra både Mann, kjerring, ungar og pusar. Og vips bestemte kjerringa at så lenge det var liv så skulle ho sørgje for at dei gjenlevande hadde det bra! Ekstra medisin (sånn i tilfelle) vart innkjøpt, samt dråpetestar og co2-test, uv-lys, ekstra oksygenpumpe, slamsuger, nye hovar, bøtter, baljer, slanger etc. etc.
Og dei gjenlevande overlevde medisinering. Men berre 1 keiserdame på 3 keisermenn var ikkje ideelt innsåg kjerringa. Og noko seinare vart 2 nye keiserdamer tilført til stor glede for alle keisertetraene. Det er ingenting som er så gale at det ikkje er godt for noko, for midt i sjukdomshelvetet fann jo kjerringa akvaforum! Så her er eg!

 
Postet 05.03.2018 kl. 12:52
[Rapportér innlegg]
2  

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
Klikk på bilde for større versjon
Dårlige bilete tekne med mobilen. Men sånn ser da eventyret ut. Eg tek gjerne imot tips til planter som kan dekke "klippa" og hodeskallen heilt til høgre.
Det er ikkje CO2 tilførsel (enno?),så enkle planter som ikkje krever det, er nok det beste. Set pris på attendemelding og idear til forbetring!

 
Postet 05.03.2018 kl. 14:42
[Rapportér innlegg]
3  

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
Klikk på bilde for større versjon
KJERRINGA SLÅR TIL IGJEN!
Under sjukdomshelvetet vart det meste av sand og pynt i akvariumet fjerna og vaska. Det vart igjen dekorert og fjonga i akvariet. Men nokre kloke hoder gav tilbakemelding om at store steinar direkte på glassbotn ikkje var det luraste, så det måtte gjerast noko med.
Etter innkjøp av plexiglass, meir sand og næringssubstrat satte kjerringa i gang igjen. Sand vart miksa i ein stor balje og sett på badet, medan Mannen og Kjerringa tok av lokket og igjen fjerna stein og dill i akvariumet.
Kjerringa avgjorde at det var lurast å ta ein og ein kopp med sand forsiktig nedi vatnet. Det lettaste var da at mannen holdt sandbalja medan Kjerringa stod på ein stol og forsiktig fylte på sand på botnen. Men den sanden lukta intenst?!
Du dekte vel til baljen etter du hadde laga sanden? spurte mannen, og da gjekk det eit lys opp for kjerringa
Vart det nemt at her bur kattar?
Stor balje med sand..den må prøvast, tenkte nok kattedjevelen. Ikkje rart det stinka! Det skal vel ikkje særleg høg IQ til for å skjønne at kattepiss ikkje er spesielt gunstig i eit akvarium. Så da er eg rimelig sikker på at denne vekas gullmedalje i vatnlemping går til kjerringa og Mannen!! Og vekas dumbomedalje går til Kjerringa som ikkje dekka baljen med sand!

"Note to self"

*impulskjøp er ikkje lurt
*les deg opp FØR du anskaffer dyr.
*dyrebutikk-ansatte kan ikkje alt.(Sjølv om mange er dyktige)
*Akvasacaping er best å gjere utan fiskar. Foreksempel under innkøyringa av karet!
*Enkel pynt som er lett å reingjere evt. fjerne ved sjukdom. (Tusen steinar i ei steinrøys tek laaang tid å fjerne, er vanskelig å halde reint og stressar fiskane unødvendig!!)
*Gjer akvariumsanden utilgjengelig for kattedjævlar
*Ha medisinar tilgjengelig i eit skåp. Godt å vere forberedt
*ha alltid vatntestar ståande i skapet-det er gull når katten tissar i sanden!
*Kjøp dråpetestar, stripsa er ikkje pålitelige!
*Ikkje la minsten leike med magnetskrapa-da ber du om striper
*gøym fiskemat viss du har ivrige barn- For mykje mat er ikkje bra og gjer at du må vaske/lempe vatn unødvendig
*viss du kan skru tilbake tida-IKKJE kjøp akvarium!!

Du er herved advart; du blir hekta og det krever overraskande mykje tid og arbeid.
Bilde av katten som gjerne skulle hatt seg ein godbit.

 
Postet 08.03.2018 kl. 10:14
[Rapportér innlegg]
4  

Tobias O
Medlem male.gif
Fra: Oslo
Dette var artig lesing og det blir spennende å se hvordan det går videre.
Håper ikke du har blitt helt avskrekket av akvarium enda. Alle har vi nok gått gjennom noen nybegynner-tabber :)

Hvis du har lyst til å dekke til hodeskallen og klippen med litt grønt så kan du prøve mose. Det er litt forskjellig å velge i, men javamose vokser ihvertfall villig uten CO2. Den kan du feste med sytråd eller superlim f.eks. Bare pass på at superlimet inneholder cyano-akrylat for da skal det være trygt for akvarium. Chlas-Ohlsson har vet jeg.

 
Postet 08.03.2018 kl. 12:07
[Rapportér innlegg]
5  

Tennessee
Medlem male.gif
Fra: Oslo
Er det en Maine Coon på fisketur der?

(Sist endret 08.03.2018 kl. 19:18 av Tennessee )
 
Postet 08.03.2018 kl. 19:17
[Rapportér innlegg]
6  

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
Tusen takk for det. Eg har nok ikkje fått heilt skrekken enno..det er faktisk veldig spennande! Fiskane lyt nok få fred ei stund framover no, men lynlim og javamose skal prøvast seinare. Kanskje og noko anubias kan limast på?!

 
Postet 08.03.2018 kl. 21:15
[Rapportér innlegg]
7  

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
Klikk på bilde for større versjon
Beklagar dobbelpost, men klarte ikkje endre det.
Ja,det er ein av mine main coons på fiskejakt. Me måtte faktisk forsterke akvarie-lokket med ei stålplate pga vekta hans. Han har heldigvis ikkje hatt fiskelukka med seg..enno. Men me må nok vere veldig obs på å ikkje gå fra lokket opent. Her på biletet hadde eg snudd meg vekk i eit par minutt og fant han slik. Heldigvis gjekk det bra og ingen fiskar vart skadd!

 
Postet 08.03.2018 kl. 21:57
[Rapportér innlegg]
8  

Tennessee
Medlem male.gif
Fra: Oslo
Hehe joda kjent med problematikken. Har selv en MC på 11 kg som liker seg veldig godt på Juwelen

 
Postet 10.03.2018 kl. 11:05
[Rapportér innlegg]
9  

Tobias O
Medlem male.gif
Fra: Oslo
Du kan fint lime på anubias også ja.

Jeg hadde også ei katt som likte å være oppå akvariet for å drikke vannet. Smakte vel godt sikkert... en dag ble den litt vel ivrig og mistet balansen og vipps ble det en stk blaut pus. Naturligvis fikk den panikk og fikk til slutt basket seg opp av akvariet. Uheldigvis for katta hadde jeg akkurat satt opp et lite oppdrettsforsøk. Dermed hoppa katta rett fra akvariet og oppi ei ny balje med vann og klinkekuler..
Den dro som et olja lyn ned trappa og kom aldri tilbake for å drikke vann. Hehe

 
Postet 10.03.2018 kl. 11:38
[Rapportér innlegg]
10  

Grapejuice
Medlem female.gif
Fra: Rana
Haha ja en av mine katter foretrekker akvarievannet over alt annet. Hun har glidd neddi et par ganger, men aldri med hele kroppen. Det er stort sett bare en fot her og der som glir. På det verste ramlet hun vel med hele rompa oppi vannet, men hun kom nå tilbake senere når hun ville ha mer. :P

 
Postet 10.03.2018 kl. 12:48
[Rapportér innlegg]
11  

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
Haha Tobias og Grapejuice, ser for meg katten i vill panikk. Her er heldigvis lokket tett. Med ein tam kampfisk som er meir nysgjerrig enn det som godt er og tetraer som gjerne et rett fra hånda så ville det vel fort blitt ein fisk eller ti i manko.
Tennessee : wow. Stor og flott MCO da. Mine er 9 og 7 kg og eg tykkjer dei er digre! Når kjerringa sjølv berre er 150 cm frå bakken og opp, og katten er over meteren og aller helst skal bærast rundt som ein unge-då er det meir enn stort nok.

Her i akvariet har det foressten dukka opp ei lita søt snegle. Jippi! Mest truleg ei damsnigle (pestsnigle) trur eg. Håpar det kjem fleire etterkvart!

Etter vatnbytte , ville eg gi fiskane litt snacks-frosne mygglarver. Det vart kanskje i meste laget, for nokon av dei grådigaste såg ut som dei skulle sprekke. I dag tidlig la eg merke til at eine fisken hadde ein 5 cm mørk lang kabel hengande ned fra ..magen? Det er sikkert berre ein lang bæsj tenkte eg men for sikkerheits skyld ....Google er din venn, tenkte eg og bunkra meg forran pc`n. "lang bæsj" skreiv eg

Tabbe! For seinare referanser; Husk å ta med søkeordet "fisk eller akvarium." For å seie det slik, det blir ikkje sjokolade på denne snopegale kjerringa i kveld!
Ha ein god laurdag folkens!

 
Postet 10.03.2018 kl. 13:58
[Rapportér innlegg]
12 Drama i eventyret

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
Klikk på bilde for større versjon
No har aggressiviteten til Keisaren "Brutus" nådd nye høgder. "Stockholm syndrome"-"Brutus" si utkåra keiserhoe blir nådelaust jaga til eine enden av akvariumet og nåde den som prøver å nærme seg. "Bob" Den nest største keisaren vart ein smule nærgåande, men fekk verkeleg smake "brutus" si vrede.
Eg trudde ikkje det var mogleg at fisk kunne få grisebank, men der tok eg feil. "Bob" vart gradvis dårligare utover dagen og etterkvart vart det antydning til sopp i eine såret på sida.
Medisinering av heile 720 litern, for 1 fisk, var ikkje aktuelt, men me har jo berre det eine akvariumet. Kva kunne eg gjere?
Har eg nevnt at Mannen er ein smarting og ganske så handy? Ein plastikkbalje godkjent for matvarer, eit DIY filter av luftpumpe, filtermateriale, plastikkflaske og litt filterguffe og vips så fekk Bob seg ein midlertidig ny heim. Esha 2000 og litt akvariesalt ser ut til å gjere susen, og forhåpentligvis er "Bob" snart frisk nok til å atter ein gong vende attende til eventyret.
Bilde av "bli f(r)isk"-baljen

 
Postet 15.03.2018 kl. 23:00
[Rapportér innlegg]
13 Kjerringa gjer ting ho ikkje kan..

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
Da var det påskefri, og eg har byrja på prosjekt "Kjerringa gjer ting ho ikkje kan-igjen...".

Det heile byrja med at eg bestemte meg for å få tak i sandsneglar frå ein nettbutikk, sidan det ikkje er å oppdrive på den lokale sjappa. Og der på nettbutikken var det også eit gi-vekk tilbod på eit 50-liters akvarium. YESS! Eg har fantasert om å prøve å lage meg eigen akvariumspynt. Kjøpt inn styrofoam, lynlim, husfix og akvariesilikon. Men ein kan jo ikkje putte slikt noko rett i fiske-akvariumet. Det bør stå i vatn ei stund og "lufte seg". No kunne eg jo bruke 50 literen til det formålet-og som eventuelt karantenekar om det skulle trengast igjen ein gong i framtida! Ivrig som ein unge i leikebutikken heiv eg meg over netthandlevogna..

No er ikkje data mi sterke side..ja eg er vel heller teknisk ubegava. Men mannen, som vanligvis får alle oppgaver som krev eit fnugg av teknisk begavelse, var ikkje tilgjengelig. "Eg er da ikkje heeilt neandertal!" tenkte eg. "Sjølv ei smule treig kjerring som meg klarar vel å handle frå ein nettbutikk vel?!

Svaret er nei! Nei, det klarar ho ikkje. Eg bestilte akvarium og soil og fekk avgarde bestilling-med feil adresse, og feil frakt. Og sandsneglane hadde eg heilt gløymt i den ivrige "klarar sjølv-lykkerusen". Etter mykje fram og tilbake, Og ein nettbutikkeigar som sikkert drog seg i håret av fortvilelse og oppgitt gråt, vart handlinga kansellert og utsett til over påsken- og da skal mannen få den oppgåva!

Men nytt akvarium blir det -og sandsneglar! Og heimelaga akvariumspynt skal det og bli-trur eg!


 
Postet 26.03.2018 kl. 00:44
[Rapportér innlegg]
14  

Sigmund - ex 530
Medlem male.gif
Fra: Rygge
Takk for god og ikke minst humoristisk tråd! Bratt læringskurve for deg også, ikke helt uvanlig det. Du har imidlertid unngått den klassiske nybegynnerfeilen - for lite kar. Sikkert lurt av flere grunner - det er lettere å gi opp når problemene kommer om man bare har et 30 liters kar enn et på 720.

Ellers er jeg full av beundring for tålmodigheten til folk som vil fylle sand i en 720 liter med kopp!!

Tror nok din aquascaping vil bli flott, men ville selv hatt en god del mer sand i karet. Og om du skal ha store maller igjen, to-tre røtter. Enkelte mallearter er avhengig av å gnage på slike.

Røtter er dessuten fine å feste enkelte planter til, gjerne med nylonsene.

Jeg har sluttet med hobbyen, men er innom AF av og til og tråden din er en av dem jeg vil følge med på.

De beste ting her i livet er ikke ting!
 
Postet 26.03.2018 kl. 09:36
[Rapportér innlegg]
15  

Viktor
Medlem male.gif
Fra: Frøya, Sør-trøndelag
sitat av Liv Skamsar:


Men nytt akvarium blir det -og sandsneglar! Og heimelaga akvariumspynt skal det og bli-trur eg!



Aner man opptakten til en akvariumsrelatert variant av en Alf Prøysen-sang? "Det vil hun sikkert ha, da blir hun sikkert glad". ;)
Starter som et akvariumsprosjekt og ender opp som en nydelig liten hjemmelaget påskedekorasjon.

History will be kind to me, for I intend to write it.
(Sist endret 26.03.2018 kl. 14:14 av Viktor )
 
Postet 26.03.2018 kl. 14:03
[Rapportér innlegg]
16  

-Kamilla-
Medlem female.gif
Fra: Finnsnes
Så herlig med flere som gjør ting de ikke kan! Jeg har også hatt en bratt læringskurve og har lært mye om fisk og fiskevelferd her inne. Nå, etter å ha hatt akvarieopphold på 5 år, er jeg igang igjen siden jobben har kjøpt inn akvarie (450L).

Skal bli gøy å følge deg, stå på -det blir enklere etterhvert!
God påske!

Spør og bli klok, alternativet er så mye verre...
 
Postet 27.03.2018 kl. 12:53
[Rapportér innlegg]
17  

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
Klikk på bilde for større versjon
Takk for koselige svar!

Gledar meg til nytt 50 liters, og har allerede begynt å prøve å lage eigen akvariumspynt. Men den sviinga av styrofoamen har eg ikkje heilt kontroll på enno, og sløv kniv som redskap er heller ikkje optimalt! Det lagar slik gnikkelyd at ungane spring ulande frå åstedet med hendene over øyrene, og kattane kryp vekk med halen mellom beina.
Og så må eg finne eit eller anna produkt til å forsegle sementmassen med trur eg?
Jepps -kjerringa fortsett å gjere ting ho absolutt ikkje kan!

720 literen er blitt endra noko frå dei tidlegare bildene. Som ein ser på bildene har det blitt 5-15 cm sand på heile botnen meir bak enn framme, og blitt planta masse sagittaria (forhåpentligvis grasplen med tider og stunder). Men eg kjenner at eg saknar den der bare glassbotnen..tykkte det var fint! Så om eg berre får dreisen på denne styrofoam/sement-pyntelaginga, så kan eg pælme ut desse steinane og bytte dei ut med falske. Da kan eg kanskje ha bar botn i deler av akvariumet igjen!

Og så er eit miniatyrtre på toppen av eit 45-50 cm høgt "fjell" den våte draumen ;)
Eit kunstigt fjell med huler under og forsenking i toppen til soil og sand der ein kan plante litt og også sette eit minitre med mose el. liknande. Og kanskje eit sandfossefall?
Det er jo lov å drøyme;) God påske!

 
Postet 27.03.2018 kl. 16:26
[Rapportér innlegg]
18  

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
nei,hjelpes dessa bildene er jo oppned.
Sidan den tekniske fotokompetansen min er ikkje-tilstedeværande(les: mannen er på jobb), så trur eg at de, for å sjå bildene, må stå på hendene!:D
Ps. eg tek ingen ansvar for eventuelle fall/brot ;)

 
Postet 27.03.2018 kl. 16:38
[Rapportér innlegg]
19  

Liv Skamsar
Medlem female.gif
Fra: jostedal
Klikk på bilde for større versjon
Sjå der ja! Tryggast for alle partar om bildet var rett veg meinte Datakompetansen i huset. Så no var det fiksa;)

 
Postet 27.03.2018 kl. 22:06
[Rapportér innlegg]
20  

Sharanu
Medlem male.gif
Fra: Straume
Det det ser veldig bra ut. :)

 
Postet 27.03.2018 kl. 23:40
[Rapportér innlegg]
Sider: 1 2 3 »