
Liv Skamsar
Medlem  Fra: jostedal
|
EVENTYRET har begynt! Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, omringa av fjell og bre bur det ei impulsiv og dyrekjær kjerring, med mann 3 barn, 2 maine coon kattar, ein hamster.....og fisk! Det heile starta da minstemann kom heim og deklamerte at han ville ha akvarium! Kjerringa såg på minsten, som hadde klistra på seg det velkjente men gudsåeffektive beggingpuppy-fjeset, og tenkte. "Tja-kvifor ikkje? Det kunne kanskje ha vore koselig det?!" TABBE! TIL SALGS På Facebook samme kveld dukka det opp ei annonse om akvarium til sals. "Det var jo midt i blinken" tenkte kjerringa og slo til. Seinare kom Mannen og Kompisen heim med armar som ein orangutang og eit snertent lite kar på snaue 720 liter. "Dette er kanskje ikkje det luraste eg har gjort?" tenkte kjerringa for første-men absolutt ikkje siste gong i løpet av akvariumsprosjektet! Så måtte det kjøpast ledlys, sidan lysrøyra likevel måtte byttast ut. Og nytt filter, og sand og dekor og testar og vatnmiddel og planter. "Dette må vere den dyraste hobbien eg nokon gong har hatt?!" tenkte kjerringa, der høvdingane rasa ut frå kontoen. Innkøyring av akvariet starta i november 2017, med sand og planter. Akvarium var vist atskillig meir komplisert enn først antatt, så her måtte det lesast for at dei framtidige fiskane skulle få det bra! Kjerringa følte seg så SMART! Det er jo ikkje lett å vere tolmodig for ei i overkant impulsiv kjerring. Men plantene vart gradvis meir tuskne, og det er vel her i historien ein kan røpe at kjerringa er blond. For kjerringa hadde ikkje lagt nedi soil-berre pyntesand. "Jadda, Sååå smart! tenkte kjerringa-ikkje for siste gang det heller! FISK Tidleg januar overtok Kjerringa 3 fiskar. Gibiceps-mallen "Gibbi",Ancistrusen "Borte" og Kampfisken "Blåmann". Men etterkvart mistenkte kjerringa at blåmann var litt einsom. 3 fisk i eit 720 liters var jo litt lite - og mallene gøymte seg jo stort sett på botnen. Og når den tanken var ramla inn i hovudet så blei det brått kjøpt inn neon- og keisertetra samt 2 kampfisk damer til "Blåmann" ein fredag i februar. Ingen hadde sagt noko til Kjerringa om at over 30 nye fisk (om enn bitte små) er aaaaalt for mykje på ein gong! Vatnverdiane var jo fine og dei tre fiskane såg jo ut til å stortrivast?! YEPP-Blondie slår til igjen! Sååå smart!! DET GJEKK SOM DET MÅTTE GÅ... Så starta det! I løpet av fredagskvelden og dei neste dagane døde 5 neon, 6 keiser og 2 kampfisk. Teststrips etter teststrips vart brukt og CO2 og nitritt var på bærtur. Hadde kjerringa dømt fiskane til døden med dette impulskjøpet av alt for mange fisk!?! Kjerringa såg at kampfisken Blåmann blei gradvis slappare og bleikare.. Og innan kjerringa skjønte at det ikkje var vatnverdiane som var feil,men teststripsa som var på bærtur, så var det forseint. Sjukdommen herja i karet! Ingen butikkar er opne her i huttituttiland om helgene, så ingen medisin var å oppdrive! Kjerringa googla og las og prøvde desperat å gi salt bad og auke saltmengde i akvariumet(men kunne ikkje ha mykje pga mallene). Mandagsmorgon måtte ho hjelpeslaust innsjå at blåmann var dødssjuk. Medisinen kom for seint! Ikkje hadde kjerringa trudd det, men ho var faktisk blitt overraskande knytta til denne selskapsjuke nydelige lille fisken sin! Og her kunne historien endt! EVENTYRET FORTSET Men den nye kampfiskdama "Lucinda" svinsa foran kjerringa og gjorde seg søt og vakker og krevde merksemd fra både Mann, kjerring, ungar og pusar. Og vips bestemte kjerringa at så lenge det var liv så skulle ho sørgje for at dei gjenlevande hadde det bra! Ekstra medisin (sånn i tilfelle) vart innkjøpt, samt dråpetestar og co2-test, uv-lys, ekstra oksygenpumpe, slamsuger, nye hovar, bøtter, baljer, slanger etc. etc. Og dei gjenlevande overlevde medisinering. Men berre 1 keiserdame på 3 keisermenn var ikkje ideelt innsåg kjerringa. Og noko seinare vart 2 nye keiserdamer tilført til stor glede for alle keisertetraene. Det er ingenting som er så gale at det ikkje er godt for noko, for midt i sjukdomshelvetet fann jo kjerringa akvaforum! Så her er eg!
|