Sjefens fiskesuppe

Plussmedlem
No er eg omsider i gang med å bli våt på fingra igjen.

[External Image]

Det er snart 20 år sidan eg starta med akvariehobbyen, då ekskona mi overtalte meg til å vera med og kjøpe ein 220-liter. Som det ofte er med meg så går eg all-in når eg først blir hekta på noko, så i løpet av eit par år hadde vi 8 akvarier i drift i rekkehuset vårt på Holmlia. Vi blei også aktiv i akvariemiljøet og eg starta å utvikle Akvaforum sidan eg (som no) jobbar som webutviklar og såg at det var nødvendig med ein slik nettstad.

Akvaforum har dermed vore ein realitet i 18 år.
Men så er det slik at livet gjerne kjem og tar deg. i 2006 blei vi foreldre for første gong, og lillesøster kom i 2010. Då hadde vi nok med å halda eit stort selskapsakvarium i drift, og då vi bestemte oss for å flytte til Telemark i 2012 solgte vi akvariet, men hadde alltid planer om å koma tilbake til hobbyen.

MEN - livet tok enda fleire twists and turns, og åra går fort. I 2018 var ein plutseleg skilt deltidspappa, og ein hadde plutseleg også dårlegare råd. Akvariehobbyen er jo ikkje den billigste å drive med.

Så gjekk åra, og Akvaforum blei liggjande der utan nødvendig vedlikehald og vidareutvikling. Eg var opptatt med dagjobb, ungar og andre hobbyar. Så, i 2021 måtte eg ta ei sjefsavgjerd i forhold til om eg skulle kvitte meg med Akvaforum eller drifte vidare. Skulle eg driva vidare var det heilt nødvendig å:

1) Leggja inn maaaange timar i oppgradering av nettsida.
2) Engasjere meg i hobbyen.

2022 starta då med full jobb - og i løpet av det første halvåret i 2022 brukte eg 300-400 timar på å lage sida slik den framstår som no og bytte til ny plattform.
Samstundes hadde eg eit aktivt Finn-søk etter større akvarier i nærleiken, og for eit år sidan fann eg ein fin 412-liter til salgs som eg impulskjøpte, henta og plasserte i stua.

Men hadde eg tid til å setja det i stand og starte det opp?
Nei. Eg er ein travel mann, og dei første månadene i 2022 brukte eg all ledig tid på Akvaforum... :-P

Så kom sommeren, og då sett ein som regel ikkje akvarier i drift, og om hausten og vinteren var eg litt fed-up med Akvaforum-utvikling, så eg lot også akvariet stå. Pga straumprisen var eg også litt tilbakeholden med å setja på straumkrevjande ting.
Men no er eg så heldig å ha to døtre som har begynt å mase på å få dette i gang, og då er det enklare å prioritere.

Eg har dermed i samarbeid med minsta på 12 gjort ein DIY-bakgrunn til akvariet ferdig og limt den fast på bakveggen, og vi er snart klare for innredning og vatn!

Vi treng imidlertid ein oppstartskultur til filteret, så om nokon i Grenland/Vestfold har noko å by på, så sei gjerne frå!

Men no er eg spent på å få vatn i karet! Og satsar også på at det kjem spennande ting til sals på storauksjonen til Larvik Akvarieklubb 16. april!

Planen er i første omgang å få i gang eit fint selskapsakvarium med plantar - så får ein sjå om ein spesialiserer seg etter kvart... 

Slik blei karet frakta i fjor. Det var nervepirrande å bære inn på isen... 
[External Image]

Bakgrunnen har eg laga med å lime skifer og stein på pleksiglassplater med tec7, som eg i neste omgang har festa til bakveggen med akvariesilikon. 
[External Image]

For lettare handtering blei steinane limt på tre separate pleksiglassplater som etterpå kunne limast på ein og ein. 
[External Image]
Lykke til videre med prosjektet ditt 😊
Plussmedlem
Hurra for døtre! Og hurra for Lockerts som er i gang igjen.

Tec7 er altså akvariesikkert etter herding. Memo to self duly noted!
Plussmedlem
Tec7 er løsninga på ALT! 
Lykke til oppstart av nytt kar😀
  "Tec7 er løsninga på ALT!"

Det trodde jeg også....tidligere.  For noen år siden resilikonerte jeg et par kar som jeg bruker til vannpreparering, med Tec7. Etter kun et par år begynte de å lekke. Tec7 slapp ganske lett taket i glasset.
Jeg trodde kanskje det hadde noe med mitt torvfilterte, sure sortevann å gjøre, men på akvarieklubben fortalte også andre at de hadde erfart at Tec7 slipper etter en stund. 
Plussmedlem
I dag fyller vi akvariet med det viktigste! Vatn! 😍😊[External Image]
Plussmedlem
Kan med glede melde at filterpumpa funkar. Den er imidlertid litt underdimensjonert. Vil nok vurdere å kjøpe ein større.

Om det er nokon i Grenland/Larvik som har litt filtergugge å donere, så sei gjerne frå! Å jumpstarte biologien har eg god erfaring med frå før.
Takk for en fantastisk jobb med forumet!
Godt å se du er i gang med hobbyen igjen og. Ser meget bra ut, det karet du har på gang nå. 😊

Har samme erfaring som du Tom C, når det kommer til Tec7
Den er trygg å bruke i akvarier, er jo drikkevanngodkjent og greier. 
Men den varer ikke så lenge!
Oppdaget det først når noen dekorasjoner jeg hadde satt sammen av stein og tre falt fra hverandre. Greit nok det. Verre var det når bakgrunnen i 200literen, som fungerer som bakgrunnsfilter, løsna i ene siden. 
Da ble det full "make over" og alt ble satt fast med silikon.

Så jeg har slutta å bruke Tec7 til ting jeg har ønske om en levetid på mer enn et år eller så. 
Plussmedlem
Takk for gode ord!
Ja, vi får sjå da... Sjølve bakgrunnsplata er limt fast med silikon. Tanken bak var at akvariesilikon er enklare å fjerne dersom ein vil bytte bakgrunn seinare. Ellers løsnar nok ikkje alle steinane  på ein gong, så eg får eventuelt lime dei på igjen etter kvart som dei dett av. Den tid, den sorg! 🤪🙈

 
Plussmedlem
Akvariet er fylt opp!
Akvariet er fylt, eg fekk litt filtergugge frå den lokale akvariebutikken då eg kjøpte litt plantar på mandag. I går flytta det inn fire ansistrusbarn. Så får det gå seg til med bakteriekulturen ei stund til. 😊
Dette er moro! 

[External Image]
Plussmedlem
Storauksjon i Larvik Akvarieklubb
I går tok eg med meg 12-åringen og køyrde til Larvik for å vera med på akvarieauksjonen til Larvik Akvarieklubb! 
Det var første gong eg var der, til tross for at eg har budd i regionen i snart 11 år, og har jobba i Larvik i fem år.

For eit fantastisk lokale dei har, og det var ei stor glede å sjå at det nesten var fullt av akvaristar av alle slag, og bordet var stappfullt av plantar og fisk, spennande reker og ein del verkelege godbitar!

[External Image]
Sist eg var på auksjon var nok ikkje lenge etter at eldstejenta blei født, og ho blir 17 i år...Tida flyr!

Det var kjempemoro - og det var som vanleg lett å la seg rive med! Det er fort gjort å få lyst til å sette opp fleire kar når ein ser all den spennande fisken som dukkar opp. Og som mallefreak var det litt vondt å la nokre flotte store eksemplar av ulike L-maller gå til andre...

Men - det er ei tid for alt. Karet mitt er framleis nytt og eg må vera forsiktig med introduksjonen av fisk... 

Fem og ein halv time tok auksjonen, og eg er veldig imponert av 12-åringen som holdt ut heile tida, og ho synes det var kjempegøy! 
Eg blei også "outta" av auksjonarius Roy Fredrik, og det var veldig uventa og veldig hyggeleg då salen braut ut i applaus for at Akvaforum er "tilbake"! 
 
Kva blei så resultatet? Eg kom heim med ein kasse med: 

[External Image]

Takk for den varme velkomsten i hobbyen igjen! Eg gleder meg allereie til neste auksjon, og det er vel også fare for at eg dukkar opp på medlemsmøter i klubben før den tid... 

[External Image]
Var en kul opplevelse ja satt rett bak dere faktisk,kjente på iveren når det kom noe vi hadde lyst på,så får vår del blei det 1 praktbotia og noen vallisneria planter til Malawi karet vårt. Skal på dette igjen..
Plussmedlem
Hei, Sjefen!

Er det ikke på tide med en liten visuell oppdatering på krumtappen? Akvariet altså...ikke din krumtapp.
Plussmedlem
Hei! Du har selvsagt heilt rett, Viktor! 
Her er akvariet slik det er no. Fungerer knirkefritt. Har ikkje mange fiskig ingen store fisk. Men har nyleg introdusert eit palettciklidepar og eit par med sommerfuglciklider. 
Kobbertetraene har lekt og det veks opp ein del yngel. Rekene har også formert seg fint, men spørs om ikkje ciklidene setter stopp for det...
Plussmedlem
Magisk!

Du har likevel såpass med kriker og kroker at jeg tror ikke rekene blir utsatt for fullstendig etnisk rensing. 
De steinene på bakglasset kan fort være det som berger bestanden. 

Paletter ja. Der sier du noe. Det har jeg faktisk ikke hatt... 🤔
Plussmedlem
Er veldig fornøyd med bakgrunnen! Har masse mose, og den vokser delvis som eit teppe på stein bakgrunnen. Det er der rekene bur, så eg trur også at nokre overlever, men kanskje ikkje så mange som før. 
Palettane er fine og morsomme siden dei yngler lett og passer på yngelen. Det er gøy for ungane å følge med på etter kvart. 13-åringen er ivrig med akvariet, og det er morsomt. Vi hadde eit stort aktivt palettpar for 15 år sidan. 

Her er bilde frå i dag

[External Image]
Plussmedlem
Love it!

Jeg må få noen tips hvordan du får ungene hekta. Har forsøkt på alle tre, men sjøl om alle liker dyr og natur så har ikke glasskasse-basillen bitt dem ennå. #failedparenting
Så fint akvariet ditt er!
Tilfeldig bekjentskap
© Erlend D Bertelsen
Reklame for plussmedlemskap