Sindres rom

Då startar eg altså min offisielle tråd. Har lurt på dette lenge, samt å oppdatere profilen min, og no skjer det altså. Har i dag fått meg nytt HD videokamera som kan ta bilden med 8 Mpix oppløysing.

Her vil det kome info ein gong i blandt om ståa i akvaria mine og videoar og bilder av artige hendingar.

Per dags dato har eg 2 akvarium. Eit litt over 100l og eit på ca 60.

Akvariet på 60 liter er eit corydoras kar som i dag inneheld 7 metae. Desse er godt vaksne, og eg driv og forar dei opp med mygglarvar i håp om at det kan bli leik ein gong i nærmaste framtid. Her går det også ein del kirsebærreker og sandsneglar og posthornsneglar.

I 100 l`en er det 2 ancitrushannar skulle gjerne hatt ei ho istadenfor, så om nokon vil bytte seier eg ikkje nei takk:p. Her er det også ein palett hann, 3 thomasi ciklider, nokre neontetra pluss 2 gull/blågurami hannar.

Palett hannen hadde ei gong ei ho, men den gjekk bort i løpet av hausten. Desse leikte mange gongar, og fekk fleire gonger frittsvømmande yngel opp mot 100 i kullet. Men desverre så overlevde ikkje nokon. Så eg vil nok skaffe meg ei ny ho så snart dei får inn på dyrebutikken her i sogn igjen=)
Da var første filmen klar. Er tatt med det nye kamera i 250 bilder i sekundet.<embed src="http://www.youtube.com/v/VTEtUJI7xkI&hl=en&fs=1" type="application/x-shockwave-flash" allowscriptaccess="always" allowfullscreen="true" width="425" height="344"></embed>
Thomasi egg
Da har 2 av dei 3 thomasi ciklidane danna par og ha lagt egg. For nokre timar sidan såg eg 2 av ciklidane stå over skiferhula mi, og tenkte kanskje skjer det noko ein dag? Men tenkte ikkje noko meir over det, sidan eg kun har sett palett leik som var mange gonger meir tydeleg enn dette, men så har dei altså no lagt egg.

Legg ved 2 bilder av egg + mor og far=)

er vel ca 100 egg vil eg tippe, orkar ikkje å telje

Blir spanande å sjå kva som skjer dei neste dagane!
kult, skal følge med her. er fra luster sjølv
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap