Anka78 sin undervatnsverden.

Tenkte det var tid for å lage ein personlig tråd om mitt nye liv som akvarieeigar. I går morges tenkte eg såvidt tanken at kanskje kjøper eg meg akvarie i dag. Men då var tanken å kjøpe nytt akvarie, innrede det og starte det for så å vente ein god månad før eg endeleg kunne kjøpe meg fisk. Vel, rundt middagstider i går kom eg over ei annonse på finn.no, ringte og plutseleg durte eg nordover på E6 for å kikke på akvarie. Nokre timar seinare durte eg lykkeleg og lettare sjokka heimover med eit 180liters brukt Juwel akvarie med benk, fiskar, sneglar, reker, plantar, grus og det meste eg trengte av utstyr baki bilen. Vart laaaang kveld, gitt.

Måtte stoppe og plukke opp ei venninne på vegen, då eg kom på at eg neppe klarte å få akvariet i hus aleine. Så måtte gulvet vatrast, karet plaserast, grusen skyllast osv. Tok meg rundt 2-3 timar hektisk jobbing å få karet i hus og satt ferdig opp. Så måtte eg hurtigoppvarme karet for å få fiskane på plass. Bratt læringskurve!
I dag ser fiskane ut til å ha det bra, men temperaturen er kun på 23grader fortsatt. Har skrudd varmen litt opp, så får eg håpe den snart er på 25grader. Yngelen eg hadde med trur eg har strøke med, har ikkje sett den sidan eg slapp den oppi...men den er jo bitteliten, då.
Legger inn nokre bileter tatt rett etter eg slapp oppi fisken i går. Karet er ganske grumsete enda, tar nok nokre dagar før det går seg skikkeleg til.
Da har jeg abonert. Ser frem til å følge med på utviklingen.

-Tim
Gratulerer med nytt akvarium og ny tråd
Tusen takk!

I kveld har eg verkeleg kosa meg med akvariet. Vatnet er fortsatt litt tåkete, men betre enn i går. Trur eg gjorde ein nybegynnar feil, skyllte ikkje sanden som eg hadde i (var litt grov sand), kun grusen. Var ikkje så mykje sand, kun litt i front, men mistenker at det er noko av grunnen for tåka i akvariet. Så skal ta nokre vatnbytter etterkvart, vil berre ha tak i ekstra varmekolbe fyrst så eg unngår store temperatursvingingar i karet.
Temperaturen i karet er no 26grader, det syns eg er bra. Så skal passe litt på at den ikkje stiger så mykje vidare. Ser for meg at makstemperaturen er 28grader, men 26 syns eg virkar veldig ok.

Eg har fòra fiskane litt forsiktig i dag tidleg og i kveld. Gurumaiene er ganske tamme. Når eg pirkar forsiktig i vatnflata kjem dei susande og "kyssar" fingrane mine. Går eg forbi akvariet så følger dei meg, og setter eg meg ned på eine sida for å fikse ting så kikkar eg rett i synet på ei gurumaie når eg kikkar opp i akvariet. Utruleg koselege fiskar!
Ancistrusene har ikkje villa vise seg for meg og har berre lagt skjult både under foring og når eg er innom og kikkar. Men ved kveldsforinga no nettopp så var alle 3 ute og leita etter mat. Til og med amano rekene som har vore parkert ved "pumpehuset" tok seg ein tur rundt i karet og nedom trerøttene. Einaste eg ikkje såg var kuhliiålen, men han var skikkeleg i farta før eg tente lyset i akvariet i formiddag. Ser på dette som eit teikn på at alle trivast ganske bra og har begynnt å lande etter flyttinga, veldig kjekt å sjå!

I morgon er det foringsfri, tenkte eg skulle ha "fastedag" for akvariet på mandagar og fredagar. Nesten litt synd, for det er så kjekt å fòre. Men eg vil vere forsiktig no i starten så det ikkje blir for mykje bæsj og fòrrestar i akvariet. Skal inn på dyrebutikken i morgon og drøyme, planlegge og kanskje få tak i nokre flyteplantar til gurumaiene. Trur forresten eg har kun hann-gurumaier, og det er heilt ok.
Dverggurumaien fekk forresten eit raserianfall på honninggurumaien, den beit og jaga den rundt ei stund i dag. Men berre nokre sekunder, så var alt fryd og gammen igjen...merkelege greier.

Og så har eg oppdaga at egentleg har eg eit "Asia-akvarie", så kanskje burde eg fortsette med kun asiatiske artar for å halde det litt på stell. Her må det lesast og studerast. Fyrste på handlelista er uansett nokre fleire kuhliiålar, nokre reker og muligens nokre småfiskar. Og i den rekkefølga, ikkje alt på ein gong. Håpar også på at Ancistrus-paret skal produsere meir yngel hos meg etterkvart (dei har jo produsert yngel hos forrige eigar, så...) Oh, no tar eg litt av her, får løpe tilbake til akvariet og sjå om dei har ete opp. Snart på tide å slukke lyset for kvelden også no.
Har hatt mitt fyrste vatnbytte i dag. Eit forsøk på å få ph litt ned, men mest fordi eg hadde kjøpt nokre plantar og småting som skulle på plass. Vatnbyttet gjekk veldig enkelt og greit, og ser ut som om fiskane syns det var toppers med nye plantar. No har dei flyteplantar og nokre store bakgrunnsplantar som går heilt opp i vatnflata. Har hatt i litt meir sand (ville ha sand i eit hjørne), men skyllte den godt denne gongen.
Hadde Aquasafe i vatnet før eg fyllte det i akvariet. Tok ein kjapp test av nitritt etter vatnbyttet (mest berre for å teste korleis eg gjorde det, kjøpte settet i dag) og det var på det lavaste nivået. Er det under 0,3mg/l tru? (tetra dråpetest)
Skal teste vatnet igjen i morgon tidleg, greit at ting får roa seg der før eg måler syns eg. Då skal eg teste alle verdiane og sjå om noko har endra seg positivt eller negativt. Vatnet vart grumsete på ny, men ikkje anna å vente når eg romsterar så mykje nedi det. No skal eg ikkje gjere noko anna med akvariet enn evt. vatnbytter dei neste vekene. Spennande å sjå korleis plantane vokser til etterkvart.

Har også planar for å hente opp akvariet eg hadde til ørkenrottene. Gå over det, vaske og sjekke tettheten og kanskje blir det rekekar! Men steg ein er at det blir plantekar fram til det har køyrt seg inn. Tenkte å hente bakteriar frå filteret til 180l når den tid kjem. Men får ikkje kjøpt filter til det lille akvariet før neste lønning...har gravd djupt i lommeboka i det siste. Så no blir det flattbrød og vatn for meg ei god veke.
Har bestillt varmekolbe, testkoffert (tetra altmuligtestar) og foringsautomat i dag. Foringsautomaten kan vere kjekk om eg plutseleg må reise bort ein periode (f.eks heim på familiebesøk e.l.). Har tenkt på å få tak i ein form for tidsinnstilling på lyset til akvariet. Men veit ikkje kvar eg kan få tak i slikt, får tenke litt på det og sjå meg rundt.
Ekstra varmekolbe kan eg muligens få bruk for til vinteren sidan rommet som akvariet står i vil vere ganske kjølig vinterstid. Men uansett kjem ein ekstra varmekolbe alltid godt med, til lille karet f.eks.
Jeg kjøpte mine timere for lyset på chlas ohlsson,der har de små nette utgaver som heller ikke var så dyre.

Når det gjelder foringsautomat,kan det være at akvariet vil klare seg helt fint uten tilsetning av mat i en periode når du skal bort.
Litt avhengig av hvor lenge selvsagt,minimum en uke klarer de helt uten problemer.

Åh, supert! Då skal eg kikke etter det neste gong eg er på Clas Ohlson. Tusen takk for tips!
Foringsautomaten bestillte eg mest fordi det er kjekt å ha. Om eg plutseleg må reise ein stad så er det ikkje sikkert eg hadde rukke å bestille fòringsautomaten då. Litt sånn føre var sak.
(og litt viktig å passe på at vi ikkje blir for bundne av akvariet, då kan gubben sette seg på bakbeina...han lever jo fortsatt i total uvitenhet over akvariekjøpet mitt...)
Så han har en overraskelse i vente da?

Åja, gjett om...
Har litt små nervar for at han skal bli snurt, men trur egentleg det skal gå greit. Saken er at han har sagt vi ikkje skal ha fleire dyr no, men teknisk sett er jo fisk ikkje dyr. Vi har 3 hundar, 3 hestar og 2 kaniner frå før, så eg er enig med han i at vi har nok dyr, då.
MEN eg har bestillt den nye Pondus boka til han, den skal han få i fanget når han kjem inn til akvariet, så kanskje eg er tilgitt, he,he.
Ahhh..Med Pondusbok går alt bra.


-Tim (Pondus fantast)
Det går sikkert bra ,og med bestikkelser enda bedre

Høres ut til at dere er glad i dyr.
Det er jobb ja.Men det gir masse glede tilbake
Ja, eg har alltid vore glad i dyr. Vokst opp på gårdsbruk og har drive ein sauegård nokre år før vi flytta hit. Den eldste hesten min er no 25år, og eg har hatt ho sidan ho var 7,5år...då får ein spesielle forhold til dyrene.
Mannen min kan styre sin glede for min "dyregalskap", han er glad i dyrene vi har men syns det er litt styr med det.

I dag har eg renska juwel filteret, og gjett om det trengtes! Var ingen utstrømming før eg renska. Når eg starta det opp igjen etterpå "hosta" det ut brun gugge før det dura iveg med skikkeleg utstrømming! Og støyen eg har vore plaga med er borte som dugg for sola! *bank i bordet*
Akvariet vart så grumsete etter filterskyllinga (klarte ikkje å få ut filtersvampane utan at det rann av ein del skit ned i akvariet, tips nokon?) at eg måtte kaste meg igang med enda eit vatnbytte. Så kjøpte eg meg eit Fluval 2+ filter som eg håpar på å sette inn i 63l min etterkvart (driver og testar vatntettheten i det no, tett førebels). Dette putta eg likegodt inn i 180l så lenge så kan det opparbeide seg litt bakterieflora og hjelpe juwelfilteret med å få orden på karet. Tok også vare på gugga frå filterskyllinga. Tenkte eg kunne bruke det når eg skal "kickstarte" 63literen. Kjenner eg begynner å bli seriøst hekta her! Dette er gøy og lærerikt!
Den brune gugga blir dratt inn igjen i filteret etter en stund. Mye av det er bakteriekolonier så bare la det være.


-Tim
Ja, akvariet skal få vere i fred ei stund no. Burde klare seg med det meste, tenkte å ta dråpetest i kveld berre for å sjekke at alt ser bra ut. Betre å teste litt for mykje enn for lite vil eg tru.

Eg har begynnt å få mistanke, sterk mistanke, til at dei to gule sugemallene mine ikkje er eit par, men to hunner! Og eg trur at den mørke er ein hanne. Dette både p.g.a oppførsel og utsjånad. Eg legger til nokre bileter som "bevis". Dei to gule virkar som rivalar, medan den mørke ser ut til å vere litt på sjekkeren for tida. Legg forresten merke til agurken...den fekk bein å gå på i natt, gitt! Måtte flire i dag tidleg når eg såg den...
Måtte legge til nokre fleire bileter av det ominnreda, men akk så grumsete akvariet og nokre av dei herlege små innbyggarane. Til og med kuhliålen klarte å ligge iro lenge nok til å bli fotografert! Desse bileta er tatt i dag tidleg, ingen vits i å ta bileter i kveld trur eg...mykje verre tilstand i akvariet enn før filterskyllinga, men trur det skal bli MYKJE betre til i morgon!!
Flotte bilder.Moro å se hvordan det ser ut i virkeligheten.

Du kan ha rett med at det er to jenter og en hann,som du sier.
Hannen syntes jeg det var barter på,hunnene kunne jeg ikke se noen skjeggstubber på.

Ikke bli forundret om du ikke får de tre midterste plantene til å trives hos deg(de med lysere striper),for det gjør det ikke hos noen som planter disse under vann.
Det er ikke akvarieplanter,men butikkene selger det som om det skulle være det.På sikt vil disse råtne,men du får ha de til du ser at bladene begynner å bli vassne og brune.Da må du ta de opp.Det er noe som virkelig forsurer vannet,om de får råtne helt opp i akvariumet.
Skal innrømme at jeg har hatt de selv...

Dei tre midterste plantane kjøpte eg kun fordi eg syns dei såg fine ut. Ante ingenting om det, men har etterkvart forstått at dei er nok mest til pynt så lenge dei lever... Eg skal følge med dei og nappe dei ut når dei begynner å bli stygge.

I dag har eg vore på sanking! Starta med Plantasjen, der nappa eg med meg ein sekk med torv. På Europris plukka eg med meg liggeunderlag. Så durte eg til ei elv litt nedafor her eg bur og gravde med meg 2 bøtter med fin elvesand. I samme slengen plukka eg med meg ei bøtte med elvesteinar. No skal eg gumle i meg mat og så begynne å fikse litt på eit tv-bord som ikkje er i bruk. Det skal få bli bord til 63literen, må berre forsterke det litt på midten, lage nye bein (var hjul på det), vatre det opp og så er det å plassere akvariet oppå. Tenkte å ha liggeunderlag mellom akvariet og bordet. Tenker hardt på om eg skal ha liggeunderlag inni akvariet også...har planar for å ha stein der. Men tenkte å sjå om torva eg kjøpte på plantasjen kan brukast som underlag under elvegrusen. Eg aner verkeleg ikkje, vanlegvis har eg lest at folk brukar torvmatter. Dei er vel meir samanpressa kanskje? Men det er iallefall 100% naturprodukt, så får vi sjå!
63literen har stått med vatn i omtrent eit døgn no, og har ikkje funne ein einaste liten vatndråpe på avveier enda. Plasserte den på ein tørr, mørk blå handduk. Då vil eg tydeleg sjå om det kjem vatn ut ein stad (våt handduk = mørkare blå farge).

I posten kom det mykje spennande i dag. 5stk alge/mosebollar, nokre skal amanorekene få kose seg med, resten skal i 63literen. Så fekk eg pakke frå Webzoo. Er det nokon som har engelsk eller norsk veiledning på den testkofferten deira? Eg fekk kun med tysk, fransk, nederlandsk og italiensk bruksanvisning, og eg kan ingen av dei språkene...*sukk*. Dei fleste testane har eg forsåvidt frå før, og dei har eg bruksanvisning på. Men f.eks oksygentestane aner eg ikkje kvar eg begynner på.
Oppdaga også at eg hadde bestillt for stor varmekolbe...den eg hadde bestillt var for minimum 100liter...pokker...eg bestillte den jo som reserve til 180l, så er jo rett sånn sett. Ja,ja, eg har ei varmekolbe til liggande, får sjekke kor stort akvarie den passar til. Fekk også temperaturmålar, egentleg bestillt som reserve, men no går den rett inn i 63literen!

Nei, no kan eg ikkje sitte her og skrible meir. Masse å gjere, så her er det berre å gumle i seg litt mat, brette opp ermene og begynne med arbeidet!
Anngående varmekolbe. Så lenge den fysisk passer i akvariet kan du fint bruke den.

Anngående bruksanvisning. Den finner du på produsentens hjemmeside.


-Tim
Tusen takk, fant bruksanvisninga på produsenten si side, ja, men den var feil. Dei hadde skrive Nitrite test, men så var det egentleg Nitrate test...oppdaga det når eg kom til å tilsette ei skje med pulver og så tilsette glass nummer 3...er jo kun 2 glass som skal brukast i Nitrite testen. Men eg fant utav det til slutt. Har difor tatt ein full test på 180literen i dag tidleg, og resultatet vart dette:

O2- ca. 2mg/l
Kh- 3, hellar litt mot 4. På 3 begynnte den å skifte farge, men vart ikkje klar. På 4 var det heilt klart ny farge.
Gh-6
Ph- i overkant av 7 (kalksteinen er der fortsatt, men skal ut, måtte berre vaske den nye steinen fyrst sidan den skal "bære" eine trerota)
No2-
Arrgh, då...kvifor klarar eg ikkje å få med heile innlegget i forrige svar?? Æsj, prøvar på ny:

No2- under 0,3mg/l
No3- 12,5mg/l
Nh3/Nh4+ (ammoniakk)- i underkant av 1,5mg/l.
Temperatur 27grader.

Så neste spørsmål er jo kva dette egentleg betyr. Slik eg har forstått det så er Kh og GH ok. Ph kan godt holde seg i underkant av 7, syns eg, men så snart eg får fingeren ut og lempar ut kalksteinen så trur eg det vil stabilisere seg greit. (skal skje i dag!) Den var kun litt mørkare i fargen enn ph7, så ikkje gærnt.
O2 virkar på meg noko lavt? Men eg aner ikkje kva som er normalt.
No2 er vel akkurat der den skal vere. Temperaturen er ok, trenger ikkje å bli høgare. Men temperaturen har vore heilt dønn stabil dei siste dagane, så då er det greit.
No3 er vel også ok, visar at det skjer ting i karet.
Men Nh3/Nh4+ stussar eg på. Er denne litt høg?

63l begynner å nærme seg klar for action. Har skrubba og vaska, skyllt og styra. Tv-bordet har fått nye "bein" (trekubbar), fått ekstra støtte midt under og er vatra opp. Akvariet er plassert oppå tilskjært liggeunderlag på bordet og er klar til fylling. Steinane er skrubba, vaska i kokande varmt springvatn og testa med eddik. No gjenstår det "verste", å vaske sanden, skylle, vaske og koke den. Så skal eg sjå om eg får til noko med torva som eg kjøpte, håpar å få plassert den i bunnen. Veldig usikker på om eg skal putte liggeunderlag i bunnen, så torv og så sand...syns det blir så voldsomt. Skal ha litt stein inni, men ikkje så veldig store, og ingen som skal stablast (trur eg).

Dvergguramien min syns eg har stura litt dei siste dagane. I starten var han med dei andre guramiene og var veldig aktiv. Men dei siste dagane har han stått meir iro og for seg sjølv. Han ser heilt ok ut ellers, men har endra litt oppførsel. Skal følge nøye med, det KAN jo vere at det er litt i det meste laget med bevegelse i akvariet no grunna at begge filtera står og går. Men fluvalen skal over i 63l i dag, så får sjå om han kviknar til då. Har også lurt litt på om han burde ha fått seg ein kjæreste. Men kan kanskje bli kræsj med dei andre guramiene då... Tenkte forøvrig å "stjele" eit blåfilter frå juwelfilteret (er 3 blå, ein grønn og ein svart filtersvamp i det) og modifisere fluvalen. Då får eg masse bakteriar direkte i nye karet og eg trur ikkje det vil ha så mykje å seie for juwelakvariet. I tillegg så forstod eg det slik at med den modifiseringa så blir det ikkje så sterkt sug i filteret utan at det går utover effektiviteten. Og det trur eg kan vere positivt i eit så lite akvarie...
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap